NY SPELAR: Tobias Bjørnebye er ny Sogndalspelar. Her er han saman med sportsleg leiar Håvard Flo. (Foto: Sogndal Fotball)

Sogndal har henta ny midtbanespelar

Tobias Bjørnebye (20) har signert kontrakt med Sogndal ut sesongen 2021.

Publisert 04.12.2019 kl. 14.15. Oppdatert kl. 15.51.

Rosenborg BK og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for midtbanespelaren, skriv Sogndal Fotball på si nettside onsdag.


- Me gler oss over at Tobias no kjem til Sogndal, her vil han passa godt inn. Han er ein ung, spennande spelar som me har følgt godt med på, spesielt no dette året der han spelte for Hødd, seier trenar Eirik Bakke.


Den unge midtbanespelaren starta med organisert fotball i Heming i Oslo før han seinare spelte ungdomsfotball for Lyn. Familien flytta til Trondheim, og då vart Tobias ein del av G19 laget til Rosenborg. I sesongane 2017 og 2018 spelte han for Rosenborg sitt 2. lag. Preseason 2019 var med Rosenborg sitt A-lag, og før sesongstart gjekk han til Hødd for utlån ut sesongen. I Ulsteinvik spelte han 21 seriekampar i årets sesong.


Tobias gler seg til å bli sogning.


- Det er ei fin gruppe med eit godt miljø, eg har fått eit veldig godt inntrykk. Fasilitetane er heilt topp, så her skal det bli kjekt å vera, seier han.


20-åringen kjem frå ein ikkje ukjend idrettsfamilie. Pappa Stig Inge Bjørnebye spelte fotball på høgt nivå både nasjonalt og internasjonalt, og mamma Hege Frøseth var solid mellom stengene for handballjentene med sølv i OL som det gjævaste.


Les også: Forsvarsspelar har forlenga med Sogndal


Les meir om: Sport Sogndal Fotball