TAP IGJEN: Akeem Latifu scora sitt andre mål for sesongen då han skaut Sogndal i føringa mot Ullensaker/Kisa. Men Sogndal gjekk likevel på sitt tredje strake heimetap. (Foto: Morten Sortland)

Sogndal gjekk på sitt tredje (!) strake heimetap

Det enda 1-2 i heimemøtet med Ullensaker/Kisa.

Publisert 16.09.2018 kl. 17.11. Oppdatert kl. 20.09.

11 minutt var spelt på Fosshaugane Campus då Akeem Latifu sende heimelaget i føringa.


Høgrebacken fekk ballen på hjørna av 16-meteren, dei fleste rekna med at det ville koma eit innlegg, men i staden valde han å banka til. Det kom overraskande på bortekeeper Stefan Hagerup, som lot skotet gå forbi seg, trass i at det kom omtrent rett på han.


Fem minutt seinare ville Joachim Soltvedt prøva på det same, men kanona frå same hald dundra i netteveggen til høgre for Hagerup.


Dødball...

21 minutt ut i oppgjeret kom utlikninga, og nok ein gong var det dødball som var problemet for Sogndal.


Ein corner blei klarert ut på 17 meter, der stod Nikolas Walstad, og sette ballen gjennom mølja av fotballbein og inn nede ved lengste stolperot til 1-1.


Sogndal hadde nokre periodar med godt spel før pause, der spesielt målscorar Latifu var toneangivande på si høgresida. Også Soltvedt var involvert i mykje av det som skjedde offensivt, men den siste prikken over i-en mangla.


Salvesen nære

Sogndal tok kommandoen etter pause, der dei kom seg til fleire dødballar, men omgangens største sjanse gjekk til gjestene.


Dei gule slo inn frå venstre, og frå seks meter stussa Lars-Jørgen Salvesen like utanfor den høgre stolpen til Mathias Dyngeland.


I det kampuret elegant svinga seg mot 65 minutt kunne nemnde Soltvedt skåte heimelaget attende i føringa. Bergensaren fekk ballen på 14 meter og lada venstresleggja, men krutet var prega av regnet på Campus, og forsøket gjekk til side for mål.


Åtte minutt seinare fyrte Eirik Schulze til frå 20 meter, men denne gongen var Hagerup med på notane og fista ballen over tverrliggjaren.


Rota det til

Men så small det feil veg i staden.


Per-Magnus Steiring nådde ikkje opp på ein langball, Lars Christian Kjemhus følgde ikkje løpet, dermed kom Salvesen seg fri på bakre stolpe og kunne enkelt banka inn 1-2.


På overtid heldt Dyngeland - av alle - på å utlikna då han var oppe på ein corner, men det ville seg ikkje og Sogndal tapte dermed sin fjerde heimekamp i årets sesong.


Siste saker Gå til framsida