TO I KJEFTEN: Brann scora to på to minutt då dei snudde 0-1 til 2-1 kort tid før pause. (Foto: Morten Sortland)

Sogndal gav Brann kamp til døra, men rauk ut av cupen til slutt

Det enda 1-2 mellom Sogndal og Brann i dagens cupmøte.

Publisert 19.06.2019 kl. 17.17. Oppdatert kl. 20.13.

Det skjedde lite dei første ti minuttane av kampen, før Brann fekk den første sjansen i det kampuret viste 12 minutt.


Ruben Yttergård Jenssen førte opp i mellomrommet, spelte igjennom til Veton Berisha, han fekk litt spiss vinkel og skaut ballen rett på Mathias Dyngeland. 


Scora på straffe

Sogndal sleit med å få pasningsspelet til å sitja, men 25 minutt ut i omgangen sat det: Sigurd Haugen sprang seg fri bak Brann-forsvaret, kom åleine med Eirik Holmen Johansen og blei most ned av keeperen.


Straffesparket var klart som sola, og frå kritmerket var spissen sikker. Johansen blei sendt til venstre, medan Haugen trilla ballen til høgre i målet.


Rota vekk tidenes sjanse

Ti minutt seinare rota heimelaget vekk tidenes sjanse til å dobla leiinga.


Eit fint opprulla angrep førte til at Sixten Jensen blei spelt fri ute til høgre inne i boksen. Han kom åleine med Johansen, men valde å trilla ballen på tvers til Haugen, som putta på blank kasse.


Men angriparen var for langt framme, og dermed blei scoringa korrekt annullert for offside.


Fem minutt seinare tvinga Ole Amund Sveen fram ein god redning frå Johansen då han skaut med venstra, og på returen blei vinkelen for spiss for Haugen, som sette ballen i nettveggen.


Sjølvmål og nytt mål

I staden small det andre vegen.


Brann rulla opp eit kjapt angrep, ballen blei slått hardt inn langs bakken frå høgre, og framfor mål sleiva Stefan Antonijevic balleb i eige nett til 1-1.


Minuttet etter serverte bergensarane eit mønsterangrep, og spelte seg til slutt heilt fram til ope mål, der Amer Ordagic enkelt fekk gjera 1-2.


Langt mellom sjansane

Etter pause skjedde det lenge ganske lite, der gjestene hadde grei kontroll på Sogndal, utan å sleppa altfor mange mann framover i bana.


Først midtveges i omgangen kom den første sjansen, då Veton Berisha heada eit godt innlegg like over frå om lag 12 meter.


Kort tid etter blei Martin Ramsland spelt fri på eit glitrande opspel frå Martin Ove Roseth, men av ein eller anna grunn trudde sørlendingen at han hadde god tid, slik at Vito Wormgoor kom seg på rett plass og fekk beina ballen vekk.


Megaredning

Sju minutt før slutt slo same Wormgoor inn framfor mål, der midtstopparmakker Christian Eggen Rismark steig til vérs og stanga ballen knallhardt mot mål.


Det meste tyda på scoring, men Dyngeland henta fram ei redning av aller ypperste merke, og fekk dytta kula vidare opp i tverrliggjaren.


På overtid fekk Ulrik Flo ein scoring annullert for offside, og endå djupare inn i tilleggsminuttane klarte Kristoffer Løkberg å breisida ballen rett på Dyngeland frå fire meter.


Dermed rauk Sogndal ut av cupen etter å ha gjort eit svært heiderleg forsøk mot eliteserielaget Brann.


Siste saker Gå til framsida