OMSTILLING: Eirik Bakke seier dei fekk seg ein kraftig leksjon mot Stab?¶k i treningskampen. þÄì No er det rett heim og trena godt framfor Odd kampen kommande helg. (Foto: Arkiv)

Sogndal framleis i feriemodus

Sogndal tapte heile 5-0 i ein treningskamp mot Stabæk, søndag.

Publisert 30.07.2017 kl. 16.57.

 


Det var ikkje mykje tippeliganivå å spore hjå Sogndal då Stabæk køyrde over sogningane i det som må seiast å vera ein «wake up call» etter ferien.


Ein kamp som betyr mykje når ein skal måle formen framfor Odd kampen borte til helga att.


Fortent til Stabæk

Stabæk gjekk til pause med ei fortent 2-0 leiing. Sogndal verka å ta det heilt roleg og kom til få sjansar. Ein omgang prega av lågt tempo totalt sett. Stabæk ville mykje meir utpå bana, og tok som resultatet seier, kampen mykje meir alvorleg.


Ordknapp Bakke

Det var ikkje mange orda trenar Eirik Bakke kom med etter kampen.


- 5-0 seier alt. Det er min kommentar, og godt det er ei veke til kamp. Me har ein jobb og gjera no i veka. Me fekk oss ein leksjon i dag. Sjølv om det er treningskamp så ligg det alvor i alle kampar frå mi side.


Herja etter kvilen

Etter kvilen held Stabæk fram herjinga med eit tafatt sogndalslag, som ikkje fekk prestert rare greiene utpå matta. Stabæk gjekk opp til både tre, fire og fem null. Og hadde drøssevis med sjansar i tillegg.


Høydare feil veg

Kampens høydare må vel seiast å vera eit flott mål signert Emil Bohinen. 4-0 målet kom etter det som lett hadde gått inn som eit av årets mål, i alle fall rundens mål. Knallhardt frispark klin i krysset, frå 20 meter.


Nykomar i elden

Nykomarane Reiss Greenidge og Markus Brændsrød, var med i startellevaren til Bakke.


- Både Reiss og Brændsrød fekk prøvd seg utpå mot Stabæk. Og det stod ikkje på dei. Me må berre komme oss heim å trena. Me har to viktige kampar som kjem no. Og då må me syne noko heilt anna enn mot Stabæk, seier ein skuffa trenar.


Laget

Sogndal stilte med følgjande lag frå start: Mathias Dyngeland, Magnus Pedersen, Per Magnus Steiring, Reiss Greenidge, Victor Grodås, Eirik Schulze, Eirik Birkelund, Chidiebere Nwakali, Bendik Bye, Markus Brændsrød, Martin Ramsland