TRØBBEL: Daouda Bamba skapte mykje trøbbel for Sogndal i dagens treningskamp mot Brann i Vestlandshallen. (Foto: Endre Romøren)

Sogndal fekk det tøft i møtet med storebror i generalprøva

Rauk 0-3 i Bergen.

Publisert 23.03.2019 kl. 14.18. Oppdatert kl. 16.48.

Bergensarane gjekk aggressivt ut frå avspark, og fekk kampens første sjanse allereie etter tre minutt.


Eit innlegg enda opp hjå Petter Strand i bakre del av 16-meteren, han prøvde å bøyga ballen i lengste kryss med venstrefoten, men sette den om lag ein meter til side for mål.


Kvarteret seinare blei Henrik Kjelsrud Johansen spelt åleine i gjennom, men vinkelen blei spiss og Mathias Dyngeland var kjapt ute slik at han fekk stoppa forsøket med overkroppen.


Èin sjanse

Halvtimen ut i oppgjeret kom det første tilløpet frå Sogndal si side, då Joachim Soltvedt fyrte laus på halvspretten frå 25 meter, utan at det gav teljande resultat.


Bergensaren burde dessutan truleg spelt til Sigurd Haugen, som ville vore åleine med keeper viss han fekk ballen. Sogndal kom betre med i kampen i denne perioden, og var flinke til å koma med mange folk dei gongene dei fekk løfta spelet sitt.


To kjappe

I resten av omgangen sleit sogndølene derimot med å få til eige spel, då dei ikkje fann ut av det høge presset til Brann og for ofte gav vekk ballen i den oppbyggande fasen av spelet.


Dermed small det snart andre vegen i staden. Etter 33 minutt slo Strand eit frispark hardt inn frå venstre, Kristoffer Barmen flikka den elegant vidare på første stolpe, slik at Christian Eggen Rismark på bakre fekk ein enkel jobb med å heada 1-0 i nettet.


Få minutt seinare stod det 2-0 på lystavla i Vestlandshallen. Brann løyste fint opp på høgresida og sleppte Daouda Bamba laus i fullt firsprang ned mot dødlinja. Stefan Antonijevic klarte ikkje å halda følgje, Bamba dunka ballen hardt inn framfor mål, og der kom Kjelsrud Johansen på eit første stolpe-løp og sette inn 2-0. 


Like etter der att blei Bamba spelt i gjennom, men då var Dyngeland ute og gjorde slik at han ikkje måtte henta ballen ut av eige nett for tredje gong før pause.


 


Straffe?

Etter pause blei gode Bamba bytta ut, og då gjekk oppgjeret meir over til å bli ein typisk treningskamp, der heller lite skjedde - fram til det 67. minutt:


Då løfta Sogndal ein ball inn framfor mål, Haugen gjekk i bakken etter det som likna på ein dytt inne på fem meter, men fekk ikkje straffespark.


Ti minutt kom i staden dagens tredje i sekken for Sogndal. Eit fint angrep på venstresida enda opp med at ballen blei slått flatt inn framfor mål, der stod midtbanespelaren i svært einsam majestet og kunne enkelt breisida 3-0 i mål.


På overtid var innbytar Mathias Sundberg nære på å redusera, då den vakre stupheadinga hans gjekk i ein boge over keeper før den blei stoppa av tverrliggjaren.


Laga starta slik: 


Sogndal (4-3-3): Mathias Dyngeland - Eivind Helgesen, Per-Magnus Steiring, Stefan Antonijevic, Ole Martin Rindarøy - Eirik Schulze, Steffen Ernemann, Joachim Soltvedt - Jerome Akor Adams, Martin Ramsland, Sigurd Haugen


Brann (3-5-2): Eirik Holmen Johansen - Vito Wormgoor, Christian Eggen Rismark, Bismar Acosta - Petter Strand, Kristoffer Løkberg, Ruben Yttergård Jenssen, Kristoffer Barmen, Ruben Kristiansen - Henrik Kjelsrud Johansen, Daouda Bamba