BOT: Bruk av pyroteknikk under kampen mellom Sogndal og KFUM Oslo i november enda opp med å kosta sogndølene 5000 kroner. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal fekk bot etter at det blei brukt pyroteknikk under denne kampen

Klubben må betala.

Publisert 05.01.2020 kl. 14.00. Oppdatert kl. 15.31.

Sogndal Fotball har fått 5000 kroner i bot av Doms- og sanksjonsutvalet i Norges Fotballforbund (NFF), etter at det blei tent på éin røykboks/blinkar av klubbens tilhengjarar under bortemøtet med KFUM Oslo 9. november.


- På grunnlag av dokumentasjon, forklaringar og bilete av den aktuelle hendinga, finn utvalet det bevist at Sogndal sine supporterar har stelt seg som omtala i Påtalenemnda sin anmeldelse, skriv NFF på sine nettsider.


Dei peikar på at Sogndal var bortelag i den aktuelle kampen, og det var ikkje gitt noko løyve til bruk av pyroteknisk materiale, og legg til at grunnen til at det må reagerast mot slike overtramp er at bruk av pyroteknisk materiale utgjer ein sikkerheitsrisiko og eit faremoment.


- Utvalet legg i skjerpande retning vekt på at bruken av pyroteknikk føregjekk på sjølve kampområdet og såleis blant publikum. Bruk av pyroteknikk i umiddelbar nærleik til menneske inneber isolert sett ein større risiko for skade. Vidare legg utvalet i formildande retning vekt på det førebyggjande arbeidet klubben legg ned for å hindra ulovleg bruk av pyroteknikk blant tilhengjarar, samt klubbens handtering av hendinga i etterkant, skriv NFF på sine nettsider.