STORE SJANSAR: Jerome Akor Adams kunne fort scora fleire gonger i dagens treningskamp mot CSKA Moskva i Spania. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal brente feite sjansar - fekk det tøft etter pause

Sogndal tapte 0-3 mot CSKA Moskva på La Manga torsdag.

Publisert 07.02.2019 kl. 12.58. Oppdatert kl. 14.14.

Allereie etter ti sekund skapte spissduoen Jerome Akor Adams og Sigurd Haugen trøbbel for russarane.


Adams vann ballen frå avspark, dundra framover i bana og serverte til Haugen inne i 16-meteren. Han fyrte av, men CSKA-keeperen henta fram ein god reaksjonsredning på næraste stolpe.


Under minuttet seinare dunka Sixten Jensen til på heil volley frå 16-meteren, men igjen var keeper vaken og stoppa det gode skotet.


Det heseblesande tempoet i starten heldt fram, og før kampuret passerte tre minutt var det laget frå aust som var nære på ved to høve, men begge gongene var Mathias Dyngeland på rett plass.


Enorm sjanse

Men mykje av dei første 45 minuttane handla om måten Adams og Haugen plaga russarane på.


Sogndal var gode i det høge presset sitt, og kom stadig på overgangar etter å ha vunne ballen i gunstige posisjonar.


I det 18. minutt skaut Adams hardt under press frå 16-meteren, men sette ballen rett på keeper. Fem minutt seinare blei han fint spelt åleine i gjennom av Haugen, men somla med å avslutta, slik at skotet blei blokkert.


Tre minutt etter der att brende nigerianaren kampens til då største sjanse: Jensen slo flatt inn frå høgre, Stanisa Mandic hoppa over, og frå ti meter kunne Adams upresa sikta på heile målet. Han fekk godt treff, men sette ballen éin centimeter til side for den høgre stolpen.


Testa Ernemann

Den tidlegare Sarpsborg-og Viking-midtbanespelaren Steffen Ernemann (36) er på prøvespel under opphaldet på La Manga, og starta dagens kamp på midten saman med 17 år yngre Ulrik Fredriksen.


Danske Ernemann synte prov på fin ro med ballen, så står det att å sjå om det blir ein overgang på 36-åringen.


CSKA var også farlege dei gongene dei nærma seg Sogndal sin boks, og svei mellom anna ein feit dobbelsjanse i sluttfasen av omgangen, som utruleg nok enda mållaus.


Tre i sekken

Etter pause gira laget frå den russiske hovudstaden opp eit par hakk, og dermed blei det fort tøffare for sogndølene.


Ni minutt etter kvilen spelte dei seg åleine med Mathias Dyngeland, men han var kjapt ute og gjorde ein god parade.


Sogndal gjorde totalt åtte byte dei siste 45 minuttane, mellom anna spelte Martin Ramsland sin første fotballkamp på over eitt år då han kom inn dei siste 20 minuttane.


På same tid fekk motstandaren stadig større spelerom å boltra seg i. Rotete forsvarsspel og kommunikasjonssvikt førte til 0-1 i det 70. minutt, medan eit vakkert angrep på høgresida ordna 0-2 kort tid seinare.


Seks minutt før slutt henta russarane fram samba-taktene, og leika inn 0-3 etter nokre fine kombinasjonar inne i 16-meteren.


Sogndal spelar ny kamp på søndag, når Odd er motstandar.