TUNGT: Kongsvinger var best i det meste då dei slo Sogndal 3-0 på heimebane søndag ettermiddag. (Foto: Rune Sjøberg)

Sogndal avslutta vårsesongen med tungt tap på bortebane

Sogndal tapte 0-3 mot Kongsvinger.

Publisert 30.06.2019 kl. 16.00. Oppdatert kl. 17.51.

Allereie etter sju minutt pumpa heimelaget ein lang ball i bakrom, slik at Adem Güven kom fullstendig åleine med Mathias Dyngeland.


Spissen var roleg, tok med seg ballen i på seks meter og trilla den kontrollert i nettet til 1-0. Like før dette var Harald Holter nære på etter ein corner, då han heada hardt rett på Dyngeland frå seks meter.


12 minutt etter scoringa burde dei raude ha dobla leiinga. Steiring kløna det til inne på eigen halvdel, Güven fekk tak i kula og sende den vidare til Markus Aanesland, som kom åleine med Dyngeland.


Keepeen heldt seg på beina lenge, henta fram ein god redning og sørgde dermed for å framleis halda Sogndal inne i kampen.


Fekk til lite

Sogndal spelte seg fram til motstandarane sin 16-meter ved nokre høve, men sleit med å få rytme på det dei heldt på meg, slik at det oftast blei ein enkel jobb for Kongsvinger sine spelarar å stoppa det som kom.


Det var ikkje ein enkel jobb å få kontroll på heimespelaren Marlon da Silva. Den fotrappe og teknisk gode brasilianaren skapte stadig trøbbel frå sin sentrale midtbaneposisjon, der han fann lommer med rom og stadig kom seg inn i farlege posisjonar.


Berre tre minutt etter Aanesland-sjansen heldt han på å gjera alt på eiga hand. 23-åringen kom seg fri frå Tomas Totland, drog seg inn framfor mål og fekk avslutta, men skotet blei blokkert av ein skliande Steiring i siste liten.


Sogndal sitt einaste brukbare forsøk før pause kom i det 33. minutt, då Ulrik Fredriksen fyrte av garde eit godt skot frå 18-19 meter. Ballen gjekk via ein motspelar og hadde retning mot lengste kryss, men gjekk like over. 


Stor tabbe

Seks minutt etter kvilen var Ole Amund Sveen nære ved å utlikna for Sogndal.


Sigurd Haugen spelte ut på venstre, Sveen kom seg inn i boks og breisida ballen mot lengste stolpe, den gjekk forbi keeper, men så kom Edvard Skagestad skliande og fekk klarert omtrent på streken.


I staden small det andre vegen.


Martin Ove Roseth gav prøvde å spela seg ut frå forsvar, men enda i staden opp med å slå ballen rett til ein Kongsvinger-spelar på 16-meteren.


Dermed stakk Holter i gjennom, kom seg til dødlinja og slo på tvers til Aanesland som enkelt sette inn 2-0.


Ny Sveen-sjanse

Etter timen køyrde Sogndal eit dobbelbyte i form av Steffen Ernemann og Joachim Soltvedt, og etter få sekund på bana heldt sistnemnde på å få målgjevande.


Det gode innlegget hans fann Sveen på bakre stolpe, men både ballen og spelaren kom fort, og dermed gjekk skotet over.


Like etter der att burde det stått 3-0. Aanesland sprang rett i gjennom verdens høgaste forsvarslinje og kom fullstendig åleine med Dyngeland, men denne gongen breisida han ballen presist utanfor den nærmaste stolpen.


0-3...

Så skjedde det lite, før 0-3 kom på overtid.


Güven kom åleine i gjennom, Dyngeland måtte gje retur, og innbytar Mathias Gjerstrøm kunne enkelt pirka inn dagens tredje på Gjemselund.


Dermed er vårsesongen over for Sogndal, der laget enda opp med å ta 17 av 39 moglege poeng.