SATSAR: Gard Grinde satsar på fotball. No spelar han i Bodø/Glimt. (Foto: Bodø/Glimt)

Gard (17) jaktar fotballdraumen i Bodø

Gard Grinde (17) har som mange andre spelt fotball sidan han var liten. På den tida hadde han ingen ønske om å verta proff, men i 11-års alderen vaks interessa seg større.

Publisert 05.09.2019 kl. 17.30. Oppdatert kl. 17.54.

- Eg veit ikkje kvifor, men eg fekk plutseleg veldig lyst til å verta fotballspelar, seier systrendingen.


Sidan då har Gard jobba hardt for å oppfylla draumen og no er han på god veg.

LAGBILETE: Gard spelar på både på gutar 18 og gutar 19-laget til Bodø/Glimt. Her er g18-laget. (Foto: Bodø/Glimt)

Vekte interessa

Då tida kom for å velja vidaregåande skule visste Gard at han ønskte å kombinera skuleringa med fotballen. Han søkte litt rundt og kom etter kvart over Norges Toppidrettsgymnas i Bodø. Det vekka interessa og det var ikkje lenge før han byrja med søknaden.


- Eg fekk koma på skulebesøk hos dei og eg vart veldig imponert, forklarar han.


Han fortel vidare om motiverande treningar og profesjonelt opplegg.

G19: Her er g-19 laget. (Foto: Bodø/Glimt)

Enda i Sogndal først

Motivasjonen for NTG var på topp, men feil i søknaden gjorde at Bodø måtte utsetjast. Gard enda opp med å gå idrett i Sogndal i staden.


- Det var eigentleg heilt greitt, for rett etter at eg starta i Sogndal fekk eg ein skade og det er jo ikkje noko poeng å reisa dit når ein er skada.


Han bestemte seg for å ta året for å verta skadefri før VG2 byrja. Då hausten kom og søknaden var slik som den skulle vera var Gard klar for skulestart i Bodø.


Ny kvardag

- No er planen å fullføra mine to siste år på VGS her, forklarar han.


Han fortell om det nye kvardagen med gode vener og eit fint miljø.


- Dei tok meg verkeleg imot med opne armar, smiler han.


Han meiner det gjekk over alle forventningar, og han tykkjer Bodø er finare og større enn han hadde sett føre seg.


Telefonsamtalar

Når me spør Gard om han saknar vener og familie er svaret at han sjølvsagt gjer det.


- Eg saknar dei, og det vert nokre telefonar i veka.


Dei fleste telefonane går til brørne hans Viljar og Sondre.


- Det hjelp litt at eg har kome inn i eit så fint miljø her oppe då, legg han til.


Fokusert på oppgåva

Når ein ønskjer å koma langt innan fotballen er det viktig å finna seg ein klubb å spela for.


- Skulen har eit tett samarbeid med klubben Bodø/Glimt, så det ligg nokre moglegheiter der, seier Gard.


Sjølv om han meiner at klubb er viktig er det ikkje det som er hovudfokuset hans.


- Klubb er viktig, men det eg kjem til å fokusera på er det eg gjer på bana. Eg ønskjer å verta betre og utvikla meg i løpet av desse to åra, så får klubb kome etter kvart.


Gard har med andre ord tenkt til å ta ting som dei kjem.


- Kanskje det er Sogndal eg endar opp med å spela for, eller kanskje ein heilt annan kubb på ein heilt annan stad, smilar han lurt.