KLASSE: Ladypearl Pacot frå Værlandet og Martin Skjerdal frå Gaupne går i same klasse i Balestrand. Denne veka har dei vore på treningsleir saman med Sygna vidaregåande skule på Lanzarote. (Foto: Privat)

Det er langt frå kysten til inst i fjorden. Ladypearl og Martin har blitt kjende på midten

Ladypearl Pacot frå Værlandet og Martin Skjerdal frå Gaupne er på treningsleir saman med 31 andre idrettselevar frå Sygna vidaregåande skule i Balestrand.

Publisert 05.02.2019 kl. 10.01. Oppdatert kl. 10.17.

Duoen skal ut i bassenget. Her skal dei testa kor fort dei sym 100 meter bryst. Læraren står på land med stoppeklokka og tek tida, medan vinden frå Nord-Atlanteren leikar med dei mange palmane som omkransar det store idrettsanlegget Club La Santa på Lanzarote.


Langt

Dei hamna i same klasse etter grunnskulen i kvar si bygd, og er eit døme på at det er lange avstandar i Sogn og Fjordane.


Frå Værlandet til Gaupne er det ifølgje Gulesider sitt kart, 212 kilometer om du tek bil. Turen er rekna til å ta tre timar og 37 minutt.


- Det kjekkaste med å starta på skule i Balestrand var å treffa heilt nye folk frå ulike delar av landet og fylket, seier Ladypearl Pacot.


Internatlivet

På Værlandet måtte ho pendla til Bulandet for å gå på skule. Her var dei ti elevar som kom frå øyane i havgapet. No er det internatlivet som vert testa ut midt i Sogn.


- Du blir skikkeleg godt kjend med folk. Det er intenst, men veldig kjekt.


Også lustringen likar å bu tett på klassekameratar.


- Både mor og far min har gått på skule i Balestrand, så eg har eigentleg aldri vore i tvil om at det var skulen for meg etter 10. klasse. Skulen har stått til forventingane, fortel Martin Skjerdal.


Treningsleir

Begge likar å vera aktive og går difor på idrettsfag på skulen. Medan snøen har lava ned heime i Sogn, har Ladypearl og Martin sprunge rundt i shorts og fått løyst sveitten.


- Her får me prøvd oss på mange ulike idrettar. Denne veka er har me mellom anna vore innom fotball, squash, landevegssykling, terrengsykling, padletennis, symjing og dans, fortel 16-åringane, som oppmodar ungdom til å prøva lukka i Balestrand.


- Det er trygge rammer å bu på ein internatskule, og det er mange fine utfordringar. Idrettsfag har dei siste åra vore treningsleir på Lanzarote, hatt vintersportsveke på Lillehammer og hatt fleire turar på Sognefjorden i kano eller på randonee i fjellheimen i Sogn.