
Snipp, snapp, snute, no er cup-eventyret ute
Sogndal-juniorane køyrde over Sherrif, men mangla eitt mål for å ta seg vidare i UEFA Youth League.
Sogndal Fotball - FC Sherrif 3-1 (3-3 samanlagt, FC Sherrif vidare på bortemålsregelen)
Sogndal rauk onsdag kveld ut av UEFA Youth League, trass i ein solid 3-1-siger over FC Sherrif.
Den fyrste kampen enda med 2-0-siger til Sherrif, dermed måtte Sogndal vinna med tre mål i kveld.
Sogndal var det beste laget på Fosshaugane, og tok leiinga etter 15 minuttar ved Mathias Sundberg.
Etter ein halvtime dobla Sivert Mannsverk leiinga til 2-0, og laga var like langt samanlagt på Fosshaugane.
20 minuttar etter sidebyte reduserte gjestene til 2-1, men Sogndal svara like etter då Adrian Solberg scora på straffespark.
Men Sogndal måtte ha eitt mål til for å gå vidare, og jaga scoring, men fekk ikkje utteljing. Dermed enda kampen 3-1, som var eit mål for lite for å gå vidare.
Sogn Avis kjem att med fleire reaksjonar frå kampen.
Kampfakta
2. runde UEFA youth league G19
Sogndal Fotball - Sheriff Tiraspol 3-2 (2-0)
Samanlagt 3-3. Sheriff vidare på bortemål.
Fosshaugane Campus
511 tilskodarar
Dommar: Ivar Orri Kristjansson, Island
Gult kort: Adrian Solberg, Elias Mittet og fire spelarar frå Sheriff
Raudt kort: Adrian Solberg (to gule 76)
Mål: 1-0 Mathias Sundberg (15), 2-0 Sivert Mannsverk (31) 2-1 (63), 3-1 Adrian Solberg (str 68)
Sogndal: Håvard Hetle, Mikkel Erlandsen, Adrian Solberg, Eirik Lereng, Eirik Stokkenes, Eivind Helgesen, Elias Mittet, Sivert Mannsverk, William Rakkenes (Mardal) Anders Nord, Mathias Sundberg
Les meir om: