NY KARRIERE: Eirik Birkelund byter fotball med medisin. Han fekk blomster av Rasmus Mo og Håvard Flo framfor søndagens heimemøte med Ullensaker/Kisa. (Foto: Håvard Nesbø)

Sluttar i Sogndal: Birkelund byter fotball med legestudiar

Eirik Birkelund (26) blei takka av framfor søndagens heimemøte med Ullensaker/Kisa.

Publisert 05.08.2019 kl. 09.08.

Midtbanespelaren har kome inn på medisinstudiar i heimbyen Bergen, og flyttar dit for å byrja på sin neste karriere.


26-åringen blei takka av framfor avspark i søndagens kamp, og dermed blei møtet med Start for snart to veker sidan hans siste opptreden i den kvite drakta.


- Alt har sin tid. Eirik har vore ein veldig bra spelar for oss, med 2016-sesongen som eit høgdepunkt. Han har vore ein rollemodell for dei unge karane våre på korleis ein fotballspelar skal vera. No ønskte han å byrja på sin nye karriere, og då ønskjer me han lukke til, seier trenar Eirik Bakke.


Birkelund kom til Sogndal frå Brann framfor den nemnde 2016-sesongen. Tidlegare i karrieren var han ein del av akademiet til den franske toppklubben St. Etienne. 


Siste saker Gå til framsida