FINLAND: Eivind Helgesen, Sivert Mannsverk og resten av Sogndal-juniorane skal til Finland for å møta FC Honka i første runde av UEFA Youth League.

Skal til Finland i første runde: - Det er heilt fantastisk for Sogndal å få vera med på dette

Trekninga i UEFA Youth League er klar.

Publisert 03.09.2019 kl. 14.16. Oppdatert kl. 15.06.

Der går det fram at Sogndal skal møta FC Honka frå Finland i første runde.


Nordmennene har heimekamp først 2. oktober, før returoppgjeret blir spelt i den finske byen Esbo tre veker seinare.


Laga var plassert i geografiske grupper før trekninga, der Sogndal sine potensielle motstandarar var Derby (England), Elfsborg (Sverige), Midtjylland (Danmark), Akranes (Island), FC Minsk (Kviterussland), FC Honka (Finland) og Levadia Tallinn (Estland).


Ny runde i november

Totalt 64 lag er med i UEFA Youth League. 32 er kvalifisert ved at seniorlaget tok seg til Champions League, og desse blir delt inn i dei same gruppene som dei vaksne.


Dei 32 andre laga - som Sogndal er ein del av etter å ha vunne NM i fjor - er med som nasjonale meistarar.


Skulle Sogndal gå vidare vil dei vera klare for runde to, som følgjer same format med heime- og bortekamp.


Desse kampane blir spelt 6. og 27. november.


Vinnarane frå denne runden er klare for "playoff", der dei vil møta dei laga som blei nummer to i "Champions League"-delen.


Deretter blir det ordinære utslagsrundar, med same datoar som i Champions League.


- Det er unikt

Juniortrenar Nils Tore Krosshaug var på veg til Lærdal sjukehus med spelarane på laget då trekninga blei gjort tysdag ettermiddag.


Dette fordi UEFA har krav om at spelarane må gjennom ein fullstendig helsesjekk for å bli godkjende for spel i turneringa.


"Krossen" vedgår at det var eit håp om å trekkja klubbar som Derby eller Midtjylland, men er trygg på at Honka vil by på god motstand også.


- Dei er frå ein by med 250 000 innbyggjarar, så dei klarar sikkert å utvikla elleve gode fotballspelarar der. Det er vanskeleg å sei noko om kva sjansar me har til å gå vidare, me får førebu oss godt og ta det derfrå, seier Krosshaug, som er glad for at spelarane hans får denne sjansen.


- Tenk kva det vil gi oss av erfaring og spelarutvikling å spela på internasjonalt nivå. Det er heilt fantastisk for Sogndal å få vera med på dette. Det er unikt, seier trenaren.