UTLIKNA: Andreas Hoven utlikna til 1-1 midtveges i første omgang i dagens bortemøte med Notodden. Til slutt enda det med siger 3-1. (Foto: Rune Sjøberg)

Schulze og Hoven tok ansvar då "nye" Sogndal snudde 0-1 til 3-1

Sogndal leverte ein god bortekamp då det blei siger mot Notodden søndag.

Publisert 11.08.2019 kl. 17.08. Oppdatert kl. 21.41.

Sogndal fekk kampens første sjanse då ti minutt var spelt: Debutanten Igoh Ogbu slo ein presis ball i retning bakre stolpe, der kom Andreas Hoven på eit fint løp, og avslutta halvmeteren over på heil volley.


Fem minutt seinare tok i staden heimelaget leiinga - på det som såg ut som eit feilaktig tildelt corner. Ballen blei løfta mot bakre stolpe, der steig kaptein Steffen Jenssen til vérs, slo Mathias Dyngeland i luftrommet og stanga inn 1-0.


I det kampuret viste 21 minutt kom utlikninga. Steffen Ernemann slo presist inn frå venstre, på bakre stolpe sprang Hoven seg fri og heada presist ballen attende mot motsatt stolperot til 1-1.


Nære 1-2

Like før halvtimen var heimelaget svært nære å gå opp i føringa på ny.


Ballen blei skrudd inn frå venstre, og frå seks meter fekk Martin Brekke - uforståeleg nok - heada totalt upressa. Heldigvis for Sogndal var ikkje siktet stilt inn, og forsøket gjekk like utanfor.


Litt seinare var det Sigurd Haugen-erstattar Jerome Akor Adams sin sjanse til å scora då han blei spelt fri på spiss vinkel. Men i staden for å vinkla ballen mot mål gjekk nigerianaren for full kraft, dermed tilsa dei fleste fysiske lover at kula gjekk både utanfor og over mål.


På overtid av omgangen broderte Notodden seg fint i gjennom inne i 16-meteren til Sogndal, men denne gongen var Dyngeland raskt ute og fekk kroppen på skotet.


Enorm sjanse

Timen ut i kampen burde Adams teke betre vare på ein god sjanse.


Ernemann slo ein glimrande crossar til Sixten Jensen, som slo eit like godt og flatt innlegg til spissen.


Han fekk fyra frå 12 meter, men var altfor heit og skaut høgt over.


Like etter der at var ikkje marginane på Sogndal si side. Ein perfekt ball sette heimeforsvaret sjakk matt, Hoven heada frå fem meter, men ballen gjekk på innsida av stolpen og ut.


To kjappe

Kvarteret før slutt dundra Eirik Schulze i gjennom på ein langpasning, og blei lagt i bakken i det han var åleine med keeper.


Syndaren Martin Renå Olsen blei utvist, og Sogndal fekk straffespark.


Der var innbytar Joachim Soltvedt sikker som banken, og dunka inn 2-1.


Og Schulze var ikkje ferdig med det. Tre minutt seinare sprang Hoven seg fri på venstresida, køyrde ei dobbel overstegsfinte og slo inn framfor mål - der kom Schulze i hundre og sklei inn 3-1.


Det heldt, og no er "nye" Sogndal berre tre poeng bak fjerdeplassen på tabellen.