1-0: Stefan Antonijevic heada inn sitt første mål for Sogndal då halvtimen var spelt i bortemøtet med Sandefjord. Kampen enda med 3-0 tul bortelaget. (Foto: Rune Sjøberg)

Schulze dominerte, Antonijevic scora og Haugen herja då Sogndal banka Sandefjord

Vann 3-0 på bortebane mot topplaget.

Publisert 02.06.2019 kl. 19.15. Oppdatert kl. 22.36.

Det skjedde lite det første kvarteret, før Sogndal - for dagen i ein 4-4-2 formasjon - fekk den første sjansen:


Sixten Jensen spelte ein fin stikkar gjennom sentralt til Sigurd Haugen - som var inne for Martin Ramsland - han sette fart og mot 16-meteren og skaut halvmeteren utanfor.


Like etter burde Ole Amund Sveen scora sitt første for sesongen då han fekk ein gigasjanse. Eit frispark eit stykke bak i feltet blei heada inn framfor mål, der kom Sveen på løp og fekk avslutta frå to meter - men sette utruleg nok ballen til side for mål.


Stanga inn 1-0

Sogndal etablerte spelet sitt inn på fjerdedelen til Sandefjord i denne perioden, der dei kom til fleire nesten-sjansar i tillegg til dei nemnde over.


Eirik Schulze styrte mykje av det som skjedde, og i det halvtimen var spelt var han sentral i det som blei 1-0 scoringa. Lysluggen slo presist inn frå venstre, inne i fem-meteren stod Stefan Antonijevic umarkert, og heada ballen via bakken og i nettet til 1-0.


Sandefjord kom seg til to gode avslutningssjansar det siste kvarteret av omgangeb, men begge gongene blei skota stoppa av gode blokkeringar frå stopparduoen Antonijevic og Per-Magnus Steiring.


Haugen dobla

Lite skjedde i den første halvdelen av andre omgang, der Sogndal låg kompakte i ramma og stengde dei spe forsøka som kom frå heimelaget.


I staden small det i staden for andre gong bak Sandefjord sin sisteskanse:


Sigurd Haugen fekk ballen langt ute på venstresida, spelte ballen forbi forsvarsspelaren, kom seg forbi han med ein kombinsjon av fart og kjemping, drog seg inn midt framfor mål og chippa deretter elegant 2-0 i nettet.


Ein vakker og dyktig prestasjon, som sikra det andre målet for dagen for gjestene.


Haugen igjen

Kvarteret før slutt var same mann frampå igjen, med ein ny frekk soloprestasjon.


Steffen Ernemann vann ballen på midtstreken, førte framover og slo ein perfekt vekta pasning til Haugen.


Han kunne avslutta på første, men dribla éin mann, så kunne han avslutta igjen, men drog av ei ny mann - før han til slutt sette inn 3-0 med den største eleganse.


Meir skjedde ikkje, og dermed tok Sogndal ein krutsterk bortesiger mot det blåkledde topplaget.


Og då er spørsmålet: Var dette starten på snuoperasjonen?


Siste saker Gå til framsida