Sandal vald til leiar i Vestland Idrettskrins

Publisert 09.11.2019 kl. 22.20.

Nils R. Sandal er vald til leiar i Vestland Idrettskrins, opplyser NFF Sogn og Fjordane på si facebookside.


Ole Hope frå Gneist var innstilt som leiar av valkomiteen. Robert Endestad, leiar av NFF Sogn og Fjordane, leverte benkeforslag på Sandal på vegne av idretten i Sogn og Fjordane. 


Anne-Grethe Naustdal frå Tambarskjelvar IL vart vald til ny nestleiar. Styremedlemmer er Lilly Schøyen, Sogndal IL, Oddny Grethe Njøten, Stryn T og IL, Aina M. Steinsland, Nordre Holsnøy IL, Jarl Svanberg, Kjøkkelvik IL og Robert André Teikari, Sveio Karateklubb.


Les meir om: Nyhende Sport Notis