SURT: Sixten Jensen var svært fortvila etter at sjansen til å gå opp til 2-0 blei misbrukt. - Eg føler meg som ein syndebukk, seier han. (Foto: Morten Sortland)

Rota vekk gigasjanse til å dobla leiinga: - Føler meg som ein syndebukk

Sixten Jensen (22) og Sigurd Haugen (21) var kritiske til seg sjølv etter at gigasjansen til å gå opp til 2-0 mot Brann gjekk i vasken.

Publisert 19.06.2019 kl. 20.52. Oppdatert kl. 21.00.

Det blei cupexit etter dagens 1-2 tap mot bergensarane. Men det kunne fort sett annleis ut.


Like etter at Haugen gjorde 1-0 på straffespark burde dagens andre kome for heimelaget. Ei perfekt kontring enda med at Jensen kom åleine med keeper, men i staden for å skyta sentra han på tvers til Haugen.


Tanken var god, men spissen var i offside.


- Syndebukk

Då burde det stått 2-0, i staden snudde Brann til 1-2 med to kjappe scoringar før pause.


- Eg tenkte med éin gong at eg skulle skyta, men så såg eg Sigurd på ope mål, og var heilt sikker på at han var bak ballen. Eg valde å spela den, og blei straffa for å vera uegoistisk. No er eg forbanna for at eg ikkje skaut. Det er kjipt, då eg trur det ville blitt vanskelegare for Brann på 2-0, seier Jensen, og legg til:


- Det er blytungt, og eg føler meg litt som ein syndebukk. Me gjorde 40 veldig gode minutt i første omgang, og det er utruleg surt å ryka på denne måten.


- Klønete

Målscorar Haugen var ikkje mindre kritisk til seg sjølv.


- Det er j*vla klønete av meg som går i offside. Eg tykte me var betre enn dei i 40 minutt, men så tapte me kampen på fem minutt før pause. Me gjorde eit ærleg forsøk og kunne fort vunne, men så rota me det vekk. Brann var ikkje så kvasse, men du kan ikkje koma under mot dei. Då er dei gode, seier Haugen.


- Det var litt uflaks og litt udyktigheit. Med litt flyt hadde me avgjort det i første omgang. Men fotballen er brutal av og til. Med 2-0 måtte dei jaga, og då kunne eg sprunge kappløp med Wormgoor og Acosta. Då veit dei kva som hadde skjedd.


- Skilnaden er ikkje stor

Trenar Eirik Bakke sa dette om sjansen:


- Det var skilnaden på laga, dei var meir effektive enn oss. Me må ta vare på slike sjansar, og begge spelarane blei for heite i den situasjonen. Det må dei læra av, og setja den neste gong. Det er surt å ikkje sitja att med noko etter dette, men eg fekk det ville ha frå spelarane. Det var mange gode prestasjonar, og me fortente å vinna i mine auge, seier Bakke.


Han meiner kampen er eit nytt prov på at laget hans er på rett veg.


- Me møter eit lag som handlar for millionar, medan me har noko spennande på gang. Skilnaden på laga var ikkje stor, og me viste at me nærmar oss Brann i kvalitet. Det er godt å ta med seg vidare, seier trenaren.