FÅR SJANSEN: Ole Martin Rindarøy spelar frå start i dagens treningskamp mot Kristiansund på Marbella. (Foto: Endre Romøren)

Rindarøy startar sin første kamp i vinter

Sogndal møter Kristiansund på Marbella tidleg i ettermiddag.

Publisert 13.03.2019 kl. 11.00. Oppdatert kl. 11.21.

Der vil Ole Martin Rindarøy få sin første kamp frå start i vinterens oppkøyring.


Moldensaren har måtte finna seg i å spela andrefiolin bak Tomas Totland så langt i 2019, medan Eivind Helgesen fekk sjansen mot Strømmen for tre dagar sidan.


Onsdag morgon reiste ein magetrøbbel-plaga Totland heim til Noreg, dermed er det duka for Rindarøy i dagens kamp.


4-4-2

Der er også Per-Magnus Steiring attende i ellevaren, etter å ha stått over sist grunna ein stiv legg.


Det betyr at trenar Eirik Bakke truleg sender laget sitt ut i ein 4-4-2 formasjon, etter å ha testa 4-3-3 mot Strømmen.


Dagens kamp vil dessutan by på eit gjensyn med to tidlegare Sogndal-spelarar, i form av Christophe Psyché - som blei årets spelar i Sogn Avis i 2016 - og Bendik Bye, som var ein del av laget året etter.


Sogndal startar truleg slik (4-4-2): Kjetil Haug - Eirik Birkelund, Per-Magnus Steiring, Stefan Antonijevic, Ole Martin Rindarøy - Eirik Schulze, Ulrik Fredriksen, Steffen Ernemann, Joachim Soltvedt - Martin Ramsland, Sigurd Haugen