TUNGT FØR PAUSE: Dette var det næraste Sogndal kom scoring i første omgang mot KFUM Oslo. Til slutt vann dei 4-2. (Foto: Håvard Nesbø)

Ramsland og Ndour snudde til etterlengta siger for Sogndal

Sogndal vann 4-2 mot KFUM Oslo.

Publisert 11.05.2019 kl. 14.33. Oppdatert kl. 17.21.

KFUM Oslo tok leiinga allereie etter fem minutt. Eit utspel frå Mathias Dyngeland blei plukka opp inne på Sogndal sin banehalvdel, Lars Olden Larsen fekk føra ball mot eit ryggande forsvar, og frå 16-meteren dunka han ballen vakkert i næraste kryss til 0-1.


Tre minutt seinare kom nesten 0-2. Olav Øby skaut eit frispark i muren, fekk ballen attende og skaut ballen gjennom folkemengda og i stolperota, før den gjekk ut over dødlinja.


Sogndal sleit med å få rytme på sitt spel, og blei springande ein del i mellom dei ballsikre spelarane til Oslo-laget. Deira første sjanse kom då omgangen var halvspelt: Sigurd Haugen kontra frå 40 meter og inn, men hadde ein gjestespelet i ryggen og kom litt for skrått på mål då han avslutta.


Dermed gjekk forsøket rett i fanget på keeper.


Nesten på corner

35 minutt ut i kampen kom ein ny halvsjanse for Sogndal, i ein fase av kampen dei tok litt meir over.


Sivert Mannsverk sende i veg ein presis innsvingar, keeper Knut André Skjærstein bomma, og frå sju meter heada Martin Ove Roseth éin meter til side for mål.


Minuttet inn i andre omgang kunne Alioune Ndour utlikna då han kom åleine med keeper, men touchen blei for lang og det heile rann ut i sanden.


Utlikna - kom under att

I andre omgang la Sogndal om til 4-4-2, og bytte inn Joachim Soltvedt og Martin Ramsland.


Det gav resultat etter berre sju minutt. Ole Martin Rindarøy kom seg fram på venstresida, fyrte av frå rundt 20 meter og lurte ballen inn i lengste hjørna bak keeper til 1-1.


Men Adam var berre ein tur innom paradis i tre små minutt. KFUM kom seg rundt på venstre, slo inn, og på fem meter klarte vesle Olden Larsen utruleg nok å heada inn sin andre scoring for dagen til 1-2.


Ramsland utlikna

Deretter var KFUM nære ved å spela seg gjennom Sogndal-forsvaret ved fleire høve, men bomma akkurat litt på presisjonen.


Midtveges i omgangen utlikna i staden heimelaget. Alioune Ndour kom seg rundt på høgre, og banka ballen inn i feltet til Ramsland som fekk stussa inn 2-2.


Like etter burde Haugen gjort 3-2, men frå god posisjon rundt straffemerket beina han ballen langt utanfor.


To kjappe mot slutten

Fire minutt før slutt fekk Olden Larsen ein enorm sjanse til å bli hat-trick-helt.


Eit nytt innlegg frå venstre fann vegen til panna hans, men frå tre meter stanga han ballen rett på Dyngeland.


I staden blei kombinasjonen Ramsland-Ndour avgjerande, og denne gongen bytte dei roller.


Ramsland slo inn, Ndour fekk med seg ballen inne i boksen og sette kontrollert inn 3-2.


På overtid kom Sogndal fire mot éin på ope mål - etter at KFUM sende keeper opp på corner, men på utruleg vis klarte Haugen å sosa det vekk.


Like etter gjorde han opp for seg, då han serverte Ramsland på ope mål som breisida inn 4-2.