RADL OM BADL: Første episode av Sogn Avis sin nye fotballpodkast vart spelt inn på Fosshaugane Campus. (f.v.) Endre Romøren, Eirik Bakke, Vidar Vadseth og Morten Sortland. (Foto: Håvard Nesbø)

Bilen full av pølser og gås i bassenget

Høyr Sogndal-trenar Eirik Bakke fortelja elleville historiar frå profflivet i England, og mykje meir snadder i Sogn Avis sin aller første fotballpodkast.

Publisert 31.03.2017 kl. 12.47. Oppdatert kl. 14.17.

Med seriestart like rundt hjørna er Bakke sjølvskriven som første gjest i fotballpodkasten til Sogn Avis, som har fått namnet Radl om badl. Det er mange spørsmål rundt laget hans framfor årets sesong, og Bakke deler artige historier frå tida som Leeds-spelar i Premier League.


Medan kortsamlaren yppa seg mot stjerner som Roy Keane, Patrick Vieira og Steven Gerrard, enda barndomskameraten og dagens andre gjest, Vidar Vadseth opp med å spela for Veitastrond i 6. divisjon. Den tidlegare frykta angriparen er kjend for sin fart og gode skotfot, dessutan elskar han Bruce Springsteen og er leiar i Saftkokarane. 


- Målet er å laga ein podkast med gode fotballdiskusjonar, både av den seriøse og litt meir uhøgtidlege sorten. Formatet har få avgrensingar, og eg trur dette vil løfta produktet for våre lesarar - og vonleg - lyttarar, seier sportsjournalist Endre Romøren, som leiar programmet saman med kollega Morten Sortland.


- Det er mykje spennande som skjer i sognefotballen. Sogndal skal kjempa om poeng i eliteserien, Kaupanger-damene jaktar opprykk til 1. divisjon, Fjøra kvalifiserte seg til Regionligaen og lag som Årdal, Vik og Høyang er igjen samla i den nye Kretsligaen. Slikt gjev mykje mat til ein podkast, seier Romøren.


Kom gjerne med tilbakemelding om kva du synest om podkasten, og tips til kva me kan prata om i neste sending.


Høyr første episode med Radl om badl her: