FAR OG SON: Edin Øy, Morten Sortland, Endre Romøren og Ivan Øy heime hjå familien Øy. (Foto: Beate Sem-Johansen)

- Det er ikkje mykje eg er redd her i livet, men kvinnfolk - det er eg livredd

Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves. Endeleg er Radl om badl tilbake med ny podkast, denne gongen med ein far og son-versjon.

Publisert 16.11.2018 kl. 16.34. Oppdatert kl. 22.00.

I den 16. utgåva av fotballpodkasten Radl om badl har programleiar Endre Romøren og sidekick Morten Sortland med seg Ivan Øy og Edin Øy. 


Sistnemnde er Årdal sin første utanlandsproff i fotball nokon gong, han har fleire skadereportasjar i Sogn Avis enn eliteseriekampar for Sogndal og sjølv om han er livredd for kvinnfolk, har han snart runda Tinder. 


Øy junior gjekk til svenske Ljungskile i sommar, der han også skal spela komande sesong.


Pappa Ivan er ei sitatmaskin av dei sjeldne, og leia Årdal FK til ein middels sjetteplass i 4. divisjon i årets sesong.


I denne episoden køyrer Romøren ein topp 5 Ivan Øy-sitat, me får høyra meir om familien sine sære do-vanar og om den gongen utstyret til Ivan kom slengjande ut i all sin prakt medan han dundra oppover kanten. 


Dette og mykje meir kan høyrast i Souncloud her under eller den kan lastast ned i iTunes. 



Siste saker Gå til framsida