SØLV: - Eg er kjempenøgd, seier Arne Farestveit etter å ha klatra til sølv i nordisk meisterskap.

Oppturen held fram for Farestveit: I dag blei det sølv i nordisk

Blei beste nordmann i nordisk neisterskap.

Publisert 10.11.2019 kl. 18.00.

Arne Farestveit (17) tok sølv i juniorklassen i ledklatring under nordisk meisterskap i Sverige søndag.


- Eg er kjempenøgd. Rutene var korte, fysiske og buldrete i stilen, noko som eigentleg ikkje passar meg så godt, då eg likar best dei som er lange og uthaldande. At eg då fekk sølv og blei beste nordmann er veldig kjekt, seier sogndølen, som omtalar finalen slik:


- Eg karra meg opp så langt eg klarte, og datt omtrent midt på. Eg visste ikkje korleis det hadde gått før eg kom ned og blei fortald at det heldt til sølv. Han som vann klatra heilt til topps, så han hadde eg ikkje slått uansett.


 


God sjølvtillit

Førre helg sigra han i noregscupen. I dag blei det sølv, og komande helg er det NM i Oslo.


Dit reiser 17-åringen med god tru på meir edelt valør.


- Der er det ein lengre vegg, som passar min stil betre. Det er eit kult senter å klatra på, og eg likar meg godt der. Det har gått bra dei to siste helgane, så eg går inn i NM med god sjølvtillit, seier Farestveit.


Les meir om: Sport Sogndal