SLUTT: Bortetapet mot Viking blei Trond Olsen (34) sin siste kamp for Sogndal. No har partane avslutta samarbeidet. (Foto: Rune Sjøberg)

Olsen stoppa på 147 minutt i Sogndal-drakt

Sogndal og Trond Olsen (34) er samde om å avslutta kontrakten.

Publisert 01.02.2019 kl. 12.50.

- Klubben har behov for å gjera justeringar i spelarstallen, og i dialog med Olsen vart det beslutta å oppheva avtalen. Trond har ambisjonar om å halda fram karrieren på eit høgare nivå, og med denne avslutninga kan det opna seg nye moglegheiter for spelaren, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.


Olsen kom til klubben frå Bodø/Glimt i fjor sommar, og noterte seg for fire kampar for dei kvite og svarte. Desse var fordelt på éin frå start og tre innhopp, og gjorde at han enda opp med 147 minutt totalt på bana for sogndølene.