LITE: Det skjedde ikkje all verda før pause på Sandnes stadion. Igoh Ogbu stanga inn 1-0 tidleg i andre omgang. (Foto: Rune Sjøberg)

Ogbu stanga inn vinnarmålet og sende Sogndal opp att på kvalik

Det enda med Sogndal-siger mot Sandnes Ulf.

Publisert 06.10.2019 kl. 17.55. Oppdatert kl. 19.49.

Sogndal, som starta kampen med u-landslagsspelarane Sivert Mannsverk og Ulrik Fredriksen på benken, fekk kampens første sjanse etter kvarteret.


Ein halvklarert corner hamna hjå Joachim Soltvedt på 14 meter, som ikkje fekk heilt reint treff på halvspretten, og dermed gjekk skotet utanfor.


Etter halvtimen var det nære på etter ein god Steffen Ernemann-corner, men heimelaget fekk klarert, før same Ernemann beina ballen utanfor på halvspretten.


Sogndal hadde eit greitt overtak før pause, men så mykje meir skjedde ikkje for laget som ikkje akkurat står fram som målfarlege for tida.


Ogbu scora

Då er det greitt å ha ein dommar med svake linser og ein midtstoppar som er god i lufta.


Fem minutt etter pause fekk Sogndal ein corner som såg ut til å vera av det billege slaget.


Tomas Kristoffersen slo den hardt mot første stolpe, der kom Igoh Ogbu og stanga inn 1-0.


Då timen var spelt bestemte Stefan Antonijevic seg for å skapa litt spenning. Han prøvde å dribla som sistemann, mista ballen, og berre eit godt returløp frå Martin Ove Roseth hindra utlikning til 1-1.


Enorm sjanse

Kvarteret før slutt fekk heimelaget ein enorm sjanse til å utlikna.


Ballen blei spelt til Daniel Edvardsen på ope mål, Roseth kasta seg ned og blokkerte - kanskje med handa - og Sogndal fekk klarert til corner.


Sjansen kan ikkje bli større, men gjestene slapp med skrekken.


Sogndal vann dermed 1-0, og er oppe att på kvalifiseringsplass i 1. divisjon.