I SOGNDALSDRAKT: Reiss Greenidge fotografert i sogndalsdrakt. (Foto: Instagram/Saif Rubie)

Ny spelar i sogndalsdrakt

Reiss Greenidge kan vera klar for Sogndal.

Publisert 26.07.2017 kl. 10.04. Oppdatert kl. 10.57.

Den 21 år gamle engelske stopparkjempa er fotografert i sogndalsdrakta. Biletet  ligg på agenten hans Saif Rubie, sin Instagramkonto, og syner at Greenidge er i Sogndal om dagen.

Reiss Greenidge var i følgje Dagsavisen, på prøvespel hjå fotballklubben Start førre veke. Han var også, i utgangspunktet, venta klar for signering av kortidskontrakt for Viking ut noverande sesong.

I same avisa seier Viking-leiar Eirik W. Henningsen at klubben såg på Greenidge som eit spanande prosjekt som no ikkje blir noko av for Viking sin del.

Reis Greenidge har fortid mellom annna frå U23 laget til West Bromwich Albion, han har også vore på utlån til Port Vale. Denne sesongen står han utan kontrakt.

På instagramkontoen sin skriv Rubie under biletet: « Det handlar ikkje berre om multimillionssigneringar. Den ekte gleda er å hjelpa unge spelarar å nå måla deira. For Reiss Greenidge, er dette starten på ei reise som kan leia han kvar han vil, vidare. Eg er veldig glad for å ha oppdaga ein ny flott del av Noreg dei siste dagane».

På Instagram vart det onsdag føremiddag også lagt ut bilete som kan syna at sportsleg leiar Håvard Flo er i gang med signeringspennen.


Sogn Avis har ikkje lukkast å nå sportsleg leiar i Sogndal Fotball Håvard Flo eller trenar Eirik Bakke for ein kommentar.

SIGNERING: Mykje tyder på at Sogndal Fotball har signert ny stoppar. (Foto: Instagram/Saif Rubie)

Les meir om: Sport Sogndal Fotball

Siste saker Gå til framsida