ERSTATTAR: Anders Veibust skal til NFF Rogaland, og blir erstatta av Henrik Furebotn som klubbutviklar i NFF Sogn og Fjordane. Leiar Svein Olav Myklebust i midten. (Foto: NFF Sogn og Fjordane)

No skal den tidlegare Sogndal-spelaren utvikla klubbane i fylket

Henrik Furebotn er ikkje aktiv ute på bana lenger, men blir framleis å finna innan fotballmiljøet i fylket.

Publisert 14.08.2019 kl. 12.21. Oppdatert kl. 12.26.

Årdølen la fotballskoa på hylla i fjor sommar, og gjekk då inn i ein trenarrolle i Sogndal Fotball - der han var ein del av utviklingsavdelinga i klubben.


Denne jobben hadde han fram til den originale spelarkontrakten gjekk ut 31. juli i år. No er han tilsett som klubbutviklar i NFF Sogn og Fjordane, melder dei på sine nettsider.


- Spelarkapittelelet er lukka, men han er motivert for å arbeida vidare med fotball på administrativt nivå. Me håpar Henrik tek med seg arbeidskapasiteten frå bana, og blir ein viktig bidragsytar som fagansvarleg for klubbutviklinga i kretsen, skriv kretsen.


Varierte oppgåver

Furebotn vil få eit breidt spekter av oppgåver i sin nye jobb, der han skal driva med kvalitetsklubbarbeid, leiarutvikling, jente- og damefotball, integrering og inkludering.


- Kort og godt skal klubbutviklaren vera ein autoritet på klubbutvikling og hjelpa klubbane med god struktur og planverk. Henrik blir ein del av eit nasjonalt nettverk av klubbutviklarar i NFF-organisasjonen, skriv kretsen.


33-åringen - som i tillegg til Sogndal spelte for Sandnes Ulf, Bodø/Glimt og Jotun/Årdalstangen - kjem inn i NFF Sogn og Fjordane som erstattar for Anders Veibust.


Han har meld overgang til NFF Rogaland, der han skal jobba som spelarutviklar.


 


Les meir om: Sport Fotball Sogndal