KLARE: Eivind Helgesen (17) og Sivert Mannsverk (16) signerte treårskontraktar med Sogndal i dag. (Foto: Hanne Stedje)

No har Mannsverk og Helgesen signert proffkontraktar

Talenta Sivert Mannsverk (16) og Eivind Helgesen (17) har begge skrive under for tre år med Sogndal.

Publisert 01.02.2019 kl. 17.27.

Det melder klubben på sine fredag.


Mannsverk kom til klubben som 14-åring, fekk sine første minutt for a-laget i ein treningskamp mot Hødd før han runda 15, og har lenge blitt vurdert til å liggja langt framme i løypa til å få proffkontrakt.


I fjor var midtbanespelaren frå Øvre Årdal lenge ute med skade, men kom seg attende på bana i sluttfasen, og var ei viktig brikke då juniorlaget vann NM og Skandinavisk Meisterskap.


- Sivert har noko av det me leitar etter sentralt i bana. Han er ein annan type enn dei andre me har der. Han har vakse fysisk, og er blitt tøffare i skallen i høve det å følgja etter, dekkja rom og gå i duellar. No er han meir klar til å tola å trena med oss, og så skal han få tid på seg til å ta det neste steget, sa Eirik Bakke då Sogn Avis førre veke skreiv at han var nære kontrakt.

TALENT: Sivert Mannsverk herja for Jotun i ung alder, og gjekk til Sogndal allereie som 14-åring.

Tidleg debut

Helgesen var óg ei sentral brikke på det suksessfulle juniorlaget, og har faktisk allereie debutert i eliteserien, då han kom på bana som 15-åring i heimesigeren over Viking i mai 2017.


Sogndølen, som er son til den tidlegare Sogndal-spelaren Trond Helgesen, kom inn i varmen som kantspelar, men har gradvis blitt omskulert til høgreback det siste året.


Det er truleg i den posisjonen Sogndal ser for å vidareutvikla 17-åringen framover.


Både Mannsverk og Helgesen reiser til La Manga komande veke, då dei skal på samling med G17- og G18-landslaget.

TIDLEG: Eivind Helgesen har spelt for Sogndal heile livet. Fredag blei han proffspelar.

Siste saker Gå til framsida