KLAR FOR BODØ/GLIMT: Kristian Fardal Opseth skal spela for Bodø/Glimt i 1. divisjon første halvdel av 2017-sesongen.

No er han klar for Bodø/Glimt

Kristian Fardal Opseth (26) skal spela i gult og svart fram til sommaren.

Publisert 05.01.2017 kl. 14.19. Oppdatert kl. 14.33.

Sogndal Fotball er i dag einige med Bodø/Glimt og ein utlånsavtale for Kristian Fardal Opseth fram til juli 2017. Kristian sluttar seg til troppen på Aspmyra umiddelbart.


- Det har vore rift om Kristian sine tenestar, og me har hatt mange henvendigar frå klubbar i det siste, fortel sportsleg leiar Håvard Flo til sogndalfotball.no


Besøkte klubben

Opseth som scora heile 16 mål i 1. divisjon i 2015 var også sterkt ønska av Åsane, men valet fall til slutt på Bodø/Glimt. Måndag var han på besøk på Aspmyra.


- Det stemmer at eg har vore i Bodø ein tur. Eg vart invitert opp for å møta folk, sjå meg rundt og for å få eitt inntrykk av klubben, men det er ingenting som er spikra på nokon som helst måte enno, sa Opseth til Sogn Avis onsdag.


Les også: Bodø/Glimt vil henta Opseth


- Bodø/Glimt er ein profesjonell og fin klubb for Kristian i denne fasen, og med Aasmund Bjørkan som trenar er me trygge på at han er i gode hender, seier Flo.


Langt bak i køen

Spissen starta berre to seriekampar for sogndølene i 2016, og denne stoda såg ikkje ut til å endra seg i det kalenderen  bikka over til 2017 - då han gjekk inn i sesongoppkøyringa som fjerde- elle femteval på topp bak Ole Amund Sveen, Martin Ramsland, Bendik Bye og Kasper Nissen.


- Kristian treng å få godkjensla tilbake, og me håpar at han vil sørga for at publikum på Aspmyra får ein kjekke vårsesong, seier Håvard Flo.


Siste saker Gå til framsida