HELTEN: Jerome Akor Adams (18) dunka inn hat-trick då Sogndal slo Rosenborg 3-1 i dagens juniorfinale. (Foto: Endre Romøren)

Adams spådde hat-trick før finalen: - Heile laget er helten. Me har skrive historie

Jerome Akor Adams (18) hadde tenkt på å scora hat-trick mot Rosenborg i god tid før han faktisk gjorde det.

Publisert 01.12.2018 kl. 14.42. Oppdatert kl. 15.37.

- Eg gjorde eit intervju med klubben før me reiste, der eg sa på spøk at eg skulle scora hat-trick. I dag blei det til verkelegheit. Sogndal er meistarar i Noreg. Det er fantatisk, og eg er så lukkeleg. Me har skrive historie, og dette kan me aldri gløyma, seier nigerianaren til Sogn Avis etter kampen.


Han ville heller ikkje vera med på at han åleine var den store helten etter sigeren.


- Heile laget er helten. Alle gjorde ein fantastisk innsats. Eg tykkjer eigentleg det er vanskeleg å uttrykkja korleis eg føler det. Men eg er så glad, og takkar gud, seier Adams.


Tok ansvar frå kritmerket

Rosenborg gjekk opp i 1-0 etter 19 minutt, men berre fem minutt seinare skapte Adams balanse i rekneskapen.


- Eg såg at forsvarsspelaren deira var i ferd med å mista ballen, så eg tok den, og prøvde å skyta. Då Rosenborg scora sa eg til dei andre at me måtte løfta oss og koma kjapt attende i kampen. Utteljinga gjorde godt for oss, seier Adams.


To minutt før slutt i andre ekstraomgang skaffa innbytar Jonas Stoknes straffespark. Den svære spissen var sikker frå kritmerket, og løfta inn 2-1.


- Eg var litt nervøs, sidan eg bomma under Skandinavisk Meisterskap i Sverige. Men eg visste at dette ville vera avgjerande, og måtte ta ansvar, seier Adams.

RONALDO: Det blei Ronaldo-feiring på den veltrimma kroppen til Jerome Akor Adams etter straffescoringa i andre ekstraomgang.

Har trent på det

Dermed har han scora på straffespark i kvartfinalen, semifinalen og finalen på veg mot det historiske cupgullet.


Det er ikkje tilfeldig.


- Eg bomma i nokre viktige kampar heime i Nigeria, og då bestemte eg meg for å trena meir på det. Det er viktig å læra av feil, seier Adams.


Han blei kasta inn i sluttfasen då a-lagets opprykksdraum rauk i Ålesund på torsdag. Det var tungt, men i dag fekk han i staden ein god trøystepremie.


- Me ønskte å gå opp til eliteserien, og jobba hardt gjennom året for å klara det. Men det var flott at me vann denne, seier Adams.


Europa neste

Cupsigeren betyr at Sogndal blir Noreg sin representant UEFA Youth League - som kan reknast som Champins League for juniorlag - komande sesong.


- Det er "amazing". Ei veldig kjensle, seier dagens Sogndal-helt.