CUPGULL: Sogndal blei noregsmeistar for juniorlag då dei senka Rosenborg 3-1 i finalen laurdag. (Foto: Endre Romøren)

Adams scora tre då Sogndal senka Rosenborg i finalen: Sjå jubelscenene frå garderoben her!

Sogndal-juniorane er noregsmeiser i fotball etter å ha slått Rosenborg 3-1 i laurdagens finae.

Publisert 01.12.2018 kl. 09.34. Oppdatert kl. 14.25.

Jerome Akor Adams blei den store helten då Sogndal slo Rosenborg 3-1 i cupfinalen for juniorar i dag. Han utlikna til 1-1 før pause, fem minuttar etter at trønderane hadde teke leiinga.


Den stillinga stod seg fram til domaren bles av kampen for full tid, og laga måtte ut i ekstraomgangar. Der viste Adams klasse og netta to gonger i den andre ekstraomgangen. Først med ein sikker avslutning frå straffemerket før han punkterte kampen med ein susar frå rundt 16 meter.


Sjå jubelscenene frå garderoben i videovindauget under:



 


To kjappe

Kvarteret ut i kampen fekk Mathias Sundberg ein megasjanse til å skyta sogndølene i leiinga.


Anders Nord gjorde eit godt førearbeid ute på høgresida, og spelte inn til Sundberg på seks meter. Posisjonen var fin, men kantspelaren var i ubalanse då han avslutta og sette ballen over mål.


Kort tid seinare tok Rosenborg leiinga ved Erik Botheim. Landslagsspelaren fekk ballen på 14 meter, krangla seg forbi ein sogndøl og breisida ballen i nettet via keeper Kristian Rutlin.


Men berre fem minutt etterpå ordna Adams balanse i rekneskapen. Spissen jobba til seg ballen eit stykke over midtstreken, drog seg mot mål med tre motspelarar rundt seg, og sette kula nede ved lengste stolperot frå 18 meter til 1-1.


Nigerianaren var nære ved å gjera 2-1 ti minutt seinare etter eit fint gjennomspel frå Sundberg, men denne gongen blei det harde skotet hans stoppa av trønderkeeper Rasmus Sandberg.


Rutlin-redning

Rosenborg hadde som venta mykje ball før pause, der Sogndal forsvarte seg lågt og kompakt og gjekk direkte i angrep då sjansen baud seg.


Like før kvilen var laget frå Trondheim nære ved å ta leiinga att. Botheim slo inn, Igoh Ogbu dunka til frå 10 meter, men der var Rutlin på plass med ein god redning.


I andre ekstraomgang scora Adams to, og dermed kunne Sogndal sleppa jubelen laus for eit historisk gull.


Laga starta slik: 


Sogndal (3-4-3): Kristian Rutlin - Adrian Solberg, Jonas Fredriksen, Eirik Lereng - Eivind Helgesen, Ulrik Fredriksen, Sivert Mannsverk, Tomas Totland - Anders Nord, Akor Jerome Adams, Mathias Sundberg


Rosenborg (4-3-3): Rasmus Sandberg - Robin Lorentzen, Sondre Skogen, Torbjørn Heggem, Robert Williams - Joachim Solem, Igoh Ogbu, Mikael Tørset Johnsen - Filip Brattbakk, Erik Botheim, Emil Konradsen Ceide


Siste saker Gå til framsida