TAP: Stine Hovland og Sandviken var sjanselause mot Lillestrøm, og tapte til slutt 0-4 i dagens cupfinale. (Foto: Endre Romøren)

Nedtur for Hovland og Hjelmhaug i finalen

Det blei ikkje meir sognajubel i Telenor Arena laurdag ettermiddag.

Publisert 01.12.2018 kl. 18.11.

Sogndal sitt juniorlag feira cupgull berre nokre få timar før Stine Hovland, Marte Hjelmhaug og Sandviken skulle i aksjon mot Lillestrøm i cupfinalen for damer.


Dessverre for duoen blei det ikkje meir jubel denne dagen.


Sjokkopning

Favoritten Lillestrøm gjekk knallhardt ut frå startblokkene, og sjokkopna med å scora to mål på dei elleve første minuttane - begge signert Guro Reiten.


Deretter roa det seg meir ned, der dei gulkledde hadde grei kontroll utan å risikera for mykje framover på bana.


Fekk ti minutt

Kvarteret før slutt punkterte Emilie Haavi til 3-0 etter eit frekt cornertrekk, og kort tid etter der att dunka Sophie Román Haug inn dagens fjerde og siste scoring.


Hovland spelte heile kampen som kaptein for bergensarane, medan Hjelmhaug fekk ti minutt som innbytar på venstrebacken mot slutten.