SOLIDE TILSKOT: Øystein Myrkaskog og Joar Tryti skal begge spela for Vik framover. Dei to spelarane har ei fortid i klubbar som Førde og Sogndal. (Foto: Gunnar Kleven)

Myrkaskog leverte varene i comebacket for Vik

Mål og målgjevande.

Publisert 11.06.2019 kl. 09.30.

Øystein Myrkaskog var attende i Vik-drakta for første gang sidan 2012-sesongen måndag ettermiddag, då dei kvite og blå møtte Sandane på heimebane.


Og den kraftfulle spissen markerte seg tydeleg i re-debuten for klubben frå heimbygda.


Involvert i begge måla

Fem minutt før pause fyrte han av garde eit skot som gjestekeeperen måtte gje retur på.


Der var Mensen Ernst-sjef Dag Einar Bøtun på rett plass, og putta ballen i nettet til 1-0.


Dette stod seg lenge, men minuttet før full tid krona Myrkaskog comebacket med å scora. Han drog seg forbi ein motspelar, og dunka inn 2-0.


På same tid tapte serieleiar Skavøypoll 0-4 mot Stryn 2, dermed er vikjene berre eitt poeng bak tabelltoppen etter sju serierundar.


Trappa ned

Myrkaskog reiste frå Vik til Førde etter 2012-sesongen, der han leverte prestasjonar på eit slikt nivå at større klubbar ville ha han.


Han takka nei til elitespel i Sogndal i 2014, og har også vore på prøvespel i Brann og Kongsvinger.


Det blei i staden eit halvår på lån i 1. divisjon for Åsane, og denne vårsesongen spelte han for Sandviken i 4. divisjon i Bergen.


Les meir om: Sport Fotball Vik

Siste saker Gå til framsida