PÅ VEG: Sogndal vann junior-NM i fjor, og kan vera på veg mot ein ny finale i år. No ventar Brann i kvartfinalen.

Møter Brann i kvartfinalen - men kampen kan bli flytta

Trekninga er klar.

Publisert 19.08.2019 kl. 15.15. Oppdatert kl. 15.19.

Sogndal sine juniorar møter Brann i kvartfinalen i NM.


Kampen er terminfesta til torsdag 19. september, men det kan fort bli aktuelt å flytta denne, sidan a-laget skal spela seriekamp mot Skeid i Oslo i 1. divisjon dagen før.


Dei har i tillegg bortemøte med Strømmen tre dagar seinare.


Fleire av Sogndal sine spelarar er sentrale på både juniorlaget og a-laget, i form av namn som Sivert Mannsverk, Eirik Lereng, Jerome Akor Adams og Igoh Ogbu.


Desse blei, saman med Jonas Fredriksen og Håvard Hetle, flydd tur-retur Oslo i samband med kvartfinalen mot Vålerenga. Den vann Sogndal 2-1.


Siste saker Gå til framsida