TALENTLEIR: Malin Ness (i midten) har denne veka delteke på talentleir i Porsgrunn. Her er ho saman med landslangsspelar Guro Reiten og Håkon Grøttland, fagansvarlig landslagsskolen. (Foto: Joakim Maylove Moltzau)

Malin Ness teken ut til leir for dei mest lovande fotballtalenta i landet

sogndal: Malin Ness, som spelar på damelaget til Kaupanger, har denne veka prøvd seg mot nokre av dei beste jentespelarane i landet.

Publisert 01.07.2019 kl. 20.06.

På Equinor sin talentleir i Porsgrunn fekk Malin mellom anna tips av landslagsspelar og komande Chelsea-proff Guro Reiten, som nettopp har kome tilbake frå VM-sluttspelet i Frankrike.


- Imponerande

- Det er imponerande å sjå det nivået som desse jentene viser, og det lovar godt for framtida til dei norske landslaga. Eg er imponert over den enorme lysten til å læra som Malin og dei andre jentene har vist på Equinors talentleir. Eg reknar også med at A-landslagets prestasjonar under VM i Frankrike har inspirert ho ekstra mykje, seier Reiten, som er mentor for Equinor Morgendagens Helter.


Mest lovande

På leiren deltek rundt åtti av dei mest lovande fotballtalenta i Noreg. Både J15-landslaget, eitt skuggelandslag med 15-åringar, samt eit skuggelandslag med 16 åringar og to troppar med 14 år gamle talent er tekne ut basert på ferdigheiter, haldningar, læringsvilje og sosiale eigenskapar.

- Felles for alle som er tekne ut, er at dei er vurderte til å vera blant landets aller største talent. Me har teke ut desse spelarane fordi me meiner dei har nokre eigenskapar som på sikt kan gjera dei til ein av «morgondagens heltar». Dagens heltar har gjort eit fantastisk godt VM og er like fantastiske førebilete for jentene som er her i Porsgrunn. Dei viser jentene at det er mogleg å skina på den internasjonale scenen om dei jobbar hardt, seier fagansvarleg for landslagsskulen?i NFF, Håkon Grøttland.


Auka interesse

- Kvinnefotballen har teke enorme steg dei siste åra og interessa rundt årets VM vil truleg inspirera enda fleire unge norske jenter til å satsa på fotballen. Det vil sørgja for at me kan få fram endå fleire talent og styrka landslaga våre ytterlegare, seier Reiten.