Fjellsportfestivalen i Sogndal må avlysa Freeride-konkurransen for andre året på rad. (Arkivfoto/Håvard Nesbø)

Må avlysa spektakulært renn

Freeride-konkurransen blir avlyst for andre året på rad på grunn av lite snø.

Publisert 07.02.2017 kl. 20.19. Oppdatert kl. 20.57.

Frikøyrar frå heile verda skulle etter planen koma til Sogndal for å delta i "Freeride World Tour Qualifier" under Fjellsportfestivalen i slutten av februrar.


Arrangementet er ein del av programmet på den populære Fjellsportfestivalen som Bratt Moro står bak.


Dette blir ikkje noko av i år heller. Det stadfestar Per-Odd Grevsnes i Fjellsportfestivalen. Årsaka er for lite snø i dei sidene som kunne ha vore aktuelle å køyre konkurransen i.


- Avgjerda vart gjort på grunnlag av grundig rekognosering i nærleiken og andre stadar i overkomeleg reisetid frå Sogndal, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett og legg til: 


- Sogndal har ellers greitt med snø, og det er viktig for oss å formidle at dette ikkje vil gå utover festivalen som heilhet. Her skin sola og dei meir "normale" nedkøyringane har meir enn nok snø med reine påsketilstandar.


4 stjerner

Frikøyrar-konkurransen i Sogndal hadde status som det einaste 4-stjernersrennet for frikøyring i heile landet. 


- Det betyr at det er det høgste nivået før World Tour. Jo fleire stjerner, jo fleire poeng er det for køyrarane å henta. Den som vinn eit firestjernersrenn vil henta masse poeng, sa Roar Erlandsen til Sogn Avis tidleg i januar.


- Me har gått gradene med å arrangera 1, 2 og 3-stjernersrenn før. I fjor måtte me avlysa på grunn av vêret, men me fekk veldig mange gode tilbakemeldingar på det me hadde gjort. Køyrarane sa at det var den beste konkurransen dei ikkje hadde køyrt. Observatørar frå New Zealand meinte at me skulle bli målestokk for korleis eitt 4-stjernersrenn skal vera, så me blei bedne om å arrangera i år igjen då organisering, gjennomføring og tryggleiken var så bra.


Går ikkje utover festivalen

Desverre har ikkje vêrgudane spelt på lag med arrangørane i år heller, som no ser seg nøydde til å avlysa for andre året på rad.


- Det er trist å måtte avlyse, men det er ei litt annleis kjensle på det i år enn i fjor. Då hadde me deltakarane på plass og me gjennomførte til og med prøverenn. Til slutt var det sikta som gjorde til at rennet vart avlyst. I år har me rett og slett ikkje nok snø, så det er ikkje så mykje å gjera med.


Fagerslett fortel at arrangørane i Freeride World Tour tok avlysinga med fatning.


- Dei ønskjer gjerne at me stiller igjen til neste år. Me vil sjølv prøva å få det til. Me har fått gode tilbakemeldignar frå køyrarane og me vil profilera Sogndal internasjonalt. 


- Har Fjellsportfestivalen tapt mykje pengar på å avlyse? 


- Det er gunstig for oss å seia nei no - enn å venta heilt opp til konkurransen for så å måtte avlyse både med tanke på frivillige og økonomiske ressursar. 


No har leiinga fullt fokus på å arrangera ein så god Fjellsportfestival som mogleg.


- Det er travelt om dagen, men me gir full gass, og eg gler meg veldig til festivalstart. Dette blir kjempebra.


 


Les meir om: Sport Fjellsport Sogndal