Nærare 300 aktive og mosjonistar deltok i Storehaugen Opp torsdag 25. mai. Her frå starten av konkurranseklassen der 94 deltakarar stilte til start.

Lustring raskast opp Storehaugen med Northug-taktikk

Geir Steig (22) lot konkurrenten dra mesteparten av løpet, men så kom han som ei kula på slutten.

Publisert 25.05.2017 kl. 15.57. Oppdatert kl. 16.19.

- Dette gjorde godt, seier Steig, som sprang først over målstreken på Storehaugen, 908 moh, med tida 35.29.


Han var soleis eit stykkje bak løyperekorden som Stian Angermund-Vik frå Varegg IL sette i fjor då han tikka inn på suverene 30.18.


- Eg har slite i fleire år no, der eg har vore overtrent og slike ting, så det er godt å koma tilbake og forma blir berre betre og betre, seier Steig, som er godt nøgd med eigen prestasjon.


Stor respekt for løypa

Storehaugen Opp vart arrangert for 9. gong på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag. 94 deltakarar stilte til start i konkurranseklassen, medan nærare 200 mosjonistar gjekk den 3,7 kilometer lange løypa tidlegare på dagen.


Steig hamna fort i tetgruppa, men seier sjølv at han sprang kontrollert heile vegen.


- Eg har veldig respekt for denne løypa. Eg har gått på ein smell her to gonger før med å opna alt for hardt, seier 22-åringen, som lot Sondre Øvre Helland frå Viking liggja i tet mesteparten av løpet.


Men like før mål sette Steig inn ein sluttspurt og vann til slutt med 24 sekund på Helland.


- Eg hadde att krefter til ein langspurt på slutten, og eg følte meg i god form. Det har vore brattare før tykkjer eg.


Feira med ferie heime i Sogn

Steig har sprunge denne løypa to gonger tidlegare, men dette var første gongen han gjekk heilt til topps. No skal han feira sigeren med langfri og ferie heime i Sogn, men vedgår at det blir nok litt trening på gamle trakter.


Målet hans for sesongen er nemleg å gjera det best mogleg på NM som går av stabelen 15. juli.


- Eg vil takka støttespelarane mine i Luster. Eigentleg hadde eg gjeve opp motbakkesatsinga, men så fekk eg eit stipend i januar og vart motivert til å halda fram, så tusen takk for det.


Steig bur til dagleg i Lillehammer der han jobbar som røyrleggjar. Han har allereie delteke på fleire motbakkeløp denne sesongen. No sist på noregscup i Oslo, der han sprang i mål som nummer sju.


Bergensar raskaste kvinne

Robert Begstå frå Svarstad IL var tredje raskaste opp dei bratte bakkane til Storehaugen som har ein gjenommsnittleg stigning på nær 25 prosent.


Anita Iversen Lilleskare frå BFG Bergen Løpeklubb var raskaste kvinnelege deltakar i løpet. Ho brukte 38.52 minutt, medan motbakkedronninga May Britt Buer frå IL Gular kom på 2. plass, ni sekund etter Lilleskare. Eli Anne Dvergsdal, IL Gular, var tredje raskast.


Dermed vart det heller ikkje sett ny løyperekord på damesida denne gongen. Kirsten M. Melkevik innehar framleis rekorden frå 2013, då ho brukte 37.24 minutt i løypa.


Les meir om: Sport Lærdal

Siste saker Gå til framsida