TAP: Akeem Latifu og Sogndal fekk lite til å fungera mot Aalesund, tapte 1-2 og skal spela 1. divisjon i 2019 også. (Foto: Rune Sjøberg)

Opprykksdraumen blei smadra for Sogndal - skal spela i 1. divisjon også komande sesong

Sogndal tapte 1-3 mot Aalesund og er ute av dansen om opprykk til eliteserien.

Publisert 29.11.2018 kl. 16.49. Oppdatert kl. 20.19.

Heimelaget kom best ut av startblokkene på eige kunstgras, og fekk ein svær sjanse til å ta leiinga allereie då sju minutt var spelt.


Eit godt angrep enda opp med at Oddbjørn Lie spelte Sondre Fet i gjennom inne i 16-meteren. Han kom åleine med ein utrustande Mathias Dyngeland, men sette ballen i stolpen frå ein noko skrå vinkel.


To farlege innlegg

Etter eit kvarter kom Aalesund seg til ein ny god sjanse. Ballen blei slått presist inn frå venstre, på ti meter stod Pape Gueye fullstendig umarkert, men han heada ballen halvmeteren over mål.


Sogndal hang skikkeleg i taumane i denne perioden, og berre minuttet etter der att var det fare på ferde på ny. Denne gongen på innlegg frå høgre, slik at Holmbert Fridjonsson fekk heada frå seks meter. Heldigvis for gjestene hadde ikkje han stilt inn siktet heller, og avslutta til side for den venstre stolpen.


Kom betre med

Sogndal fekk samla seg omtrent midtveges i omgangen, men måtte gå til pause utan å ha notert seg for klare målsjansar.


Nærast var det etter halvtimen, då eit innlegg blei flikka vidare mot bakre stolpe. Der stod Sigurd Haugen klar til å setja ballen i mål, men ein Aalesund-spelar klarerte ballen til corner like framfor nasen på spissen.


Tre minutt før pause slo Akeem Latifu eit godt innlegg i retning Eirik Schulze, som bomma då han skulle setja skallen på kula frå 12 meter.


Billig straffe og utlikning

Før to minutt var spelt av andre omgang small det dessverre for Sogndal.


Pape Gueye gjekk i bakken etter ein duell med Ulrik Fredriksen inne i fem-meteren, og fekk noko som såg ut som eit svært billig straffespark.


Fridjonsson sende Dyngeland feil veg, og trilla kontrollert inn 1-0 frå kritmerket.


Deretter gjekk Sogndal rett i angrep. Ein lang ball blei stussa vidare til Joachim Soltvedt, han dunka den inn framfor mål, der Fredriksen sprang 1-1 i nettet.


Gueye fiksa sigeren

Berre fem minutt seinare var Aalesund attende i leiinga. Heimelaget spelte seg rundt på høgresida, eit presist innlegg blei slått til Gueye, som dunka inn 2-1 på halvspretten bak ein sjanselaus Dyngeland.


Deretter skjedde det lenge lite, Aalesund kontrollerte ballen og såleis heldt Sogndal vekke frå farlege område. Seks minutt før slutt fekk innbytar Torbjørn Agdestein ein feit sjanse til å punktera kampen då han plutseleg fekk avslutta frå fem meter, men beinet til Dyngeland var i vegen.


I sluttfasen hadde Soltvedt ein skummel knallhard halvvolley som blei blokkert inne i boksen, og like etter der skjedde det same då Jerome Akor Adams prøvde seg på bakre stolpe etter ein corner.


På overtid vippa Gueye inn 3-1 til Aalesund, dermed skal Sogndal spela i 1. divisjon i 2019 også.


Siste saker Gå til framsida