BLEI HELTEN: Sigurd Haugen skaut Sogndal til andre kvalifiseringsrunde då han skaut inn vinnarmålet to minutt på overtid. (Foto: Morten Sortland)

Haugen skaut Sogndal vidare i aller siste minutt!

Sogndal er klare for neste kvalifiseringsrunde etter å ha slått Ullensaker/Kisa 1-0 på heimebane søndag.

Publisert 25.11.2018 kl. 15.34. Oppdatert kl. 18.04.

Berre seks minutt inn i kampen fekk heimelaget ein feit sjanse til å ta leiinga.


Eirik Schulze dribla seg fint inn i 16-meteren, og spelte på tvers til Ulrik Flo på 10 meter. Han fekk ballen på eit sølvfat, men skaut ein real mengde luft i minusgradene, og fekk aldri kontakt med kula.


Kort tid seinare var gjestene endå nærare. Eric Kitolani kombinerte fint med ein medspelar, og drog seg inn på 13 meter. Den innleigde Odd-spelaren avslutta med innsida, men skotet sneik seg like utanfor den høgre stolpen til Mathias Dyngeland.


Ny Flo-bom

Bortelaget var skummelt frampå nokre fleire gonger etter dette, før Sogndal litt ut av det blå skapte ein ny megasjanse, som nesten var ein kopi av den første.


Schulze kom seg igjen rundt og slo inn til Flo, denne gongen trefte han ballen, men skotet frå sju meter gjekk himmelhøgt over.


Etter dette tok sogndølene over føringa i kampen ein periode, før bortelaget var dei første til å setja ballen i nettet tre minutt før pause.


Lars Jørgen Salvesen blei spelt i gjennom etter ein kremkontring, runda Dyngeland og trilla kula i mål, men blei avblåst for det som såg ut som ein marginal offside.


Nesten for Schulze

Den første halvtimen av andre omgang handla utruleg nok nesten berre om gjestene frå Jessheim, før Sogndal kom seg til ein dobbelsjanse kvarteret før slutt:


Innbytar Lars Christian Kjemhus skaut hardt midt på keeper frå 16 meter, Akeem Latifu plukka opp ballen og dunka den inn til Schulze, som breisida den utanfor frå seks meter.


Like etter prøvde Kjemhus seg igjen, men skaut rett på keeper denne gongen også.


Haugen avgjorde

Det aller meste peika mot at kampen gjekk mot ekstraomgangar, men to minutt på overtid skaut Sigurd Haugen Sogndal til himmels.


Han blei spelt gjennom med ein perfekt pasning, kom åleine med keeper og breisida sikkert inn 1-0 med sin 16. scoring i årets sesong.


Dermed er Sogndal klare for andre kvalifiseringsrunde, og møter Aalesund på bortebane komande torsdag.


Siste saker Gå til framsida