SINT: Ulrik Fredriksen fekk straffe mot seg etter ein duell med Pape Gueye før to minutt var spelt av andre omgang. - Elendig dømming, seier han. (Foto: Rune Sjøberg)

- Det var elendig dømming. Det var aldri straffe. Eg kjenner at eg blir forbanna

Ulrik Fredriksen meiner Aalesund aldri skulle hatt straffespark. Eirik Bakke var inne i domargarderoben etter kampen.

Publisert 29.11.2018 kl. 21.08. Oppdatert kl. 21.35.

Før to minutt var spelt av andre omgang gjekk heimelaget sin Pape Gueye i bakken inne i fem-meteren til Sogndal etter ein duell med Fredriksen.


Straffe. 0-1. Kampen enda til slutt 1-3.


- Det var elendig dømming. Det var aldri straffe, og eg kjenner at eg blir forbanna, seier normalt rolige Fredriksen til Sogn Avis halvtimen etter tapet, som betyr at Sogndal spelar i 1. divisjon også komande sesong.


Han forklarar hendinga slik:


- Det var eit dårleg innlegg, som Dyngeland var ute og plukka. Eg skulle berre skjerma han vekk, slik at han ikkje var i nærleiken. Eg veit ikkje kva domaren tenkte, men han fann ut det var straffespark.


Bakke i domargarderoben

Trenar Eirik Bakke sa dette då han kom ut i intervjusona etter kampen: "Fort deg, eg skal ein tur inn i domargarderoben".


- Det var ein billig straffe, og nok ein gong i kvalik. I staden for å leia 1-0, så må måtte me jobba oss inn att, seier Bakke, som opplevde det same i fjor, då Ranheim fekk ein lettkjøpt straffe minuttet før slutt i nedrykkskampen 2. desember.


- Det er så svakt av domaren. Men det er heimebane, brølet kjem frå publikum, og han klarar ikkje å stå i mot. Det er surt for karane - som responderte fantastisk etterpå - å få den mot seg i ein avgjerande playoff-kamp, seier Bakke.


- Ikkje bra nok

Trenaren er likevel kjapp med å leggja til at han ikkje skuldar tapet på dette.


For Sogndal fekk lite til å stemma på Color Line Stadion, og tapte fortent til slutt.


- Me kom til kort mot eit godt heimelag, som hadde gjort leksa si. Me mangla det siste trykket der framme, og var for dårlege i avgjerande situasjonar. Det blei menn mot gutar, slik det har vore ved nokre høve tidlegare i år. Dette var ikkje bra nok, og då har me ikkje noko vidare å gjera, seier Bakke.


Spelemessig mangla det ein del, men han rosa likevel mannskapet sitt etter at draumen om opprykk brast.


- Det er ein fantastisk "go" i dette laget, og dei me såg på bana i dag er framtida til Sogndal. Dette er spennande unggutar som har vakse enormt i årets sesong, og som har godt av å spela kampar som betyr noko. Det vil dei læra mykje av, seier Bakke.


Får spela juniorfinale

Éin av desse unge er Fredriksen, som utlikna kort tid etter straffesparket og var lagets beste utespelar i tapet.


- Første omgang var ikkje bra, men så heva me oss etter det første målet deira. Me fekk skapt eit visst trykk, sjølv om spelet ikkje var bra. Men så kom 2-1 litt ut av ingenting, og då blei det tap, seier Fredriksen, som dermed truleg får spela finalen i junior-NM mot Rosenborg komande laurdag.


- Eg håpar det. Men eg skulle helst gått vidare her og spelt eliteserie neste år.


Siste saker Gå til framsida