ELDSJEL: Trine Lerum Hjellhaug vart i dag kåra til Årets kvinnelege leiar på NFF sitt leiarseminar. (Arkivfoto)

Kåra til Årets kvinnelege leiar

- Dette var kjekt.

Publisert 30.11.2018 kl. 18.09.

Det seier Trine Lerum Hjellhaug etter at ho i dag vart kåra til Årets kvinnelege leiar under NFF sitt leiarseminar på Ullevål.


- Det var nervepirrande å stå saman med dei to andre nominerte å venta på avgjerda, seier Lerum Hjellhaug.


Kjekt for meg og klubben

Ho fortel at ho før kåringa ikkje hadde tenkt på at ho skulle vinna, og at ho vart positivt overraska då ho gjekk heilt til topps.


- Det var veldig kjekt for meg, og spesielt kjekt for klubben. Ein klarer ikkje alt åleine, ein må ha med alle som gjer små og store oppgåver kvar dag. Det har me i Kaupanger, seier ho.


Feiring

- Korleis skal sigeren feirast?


- I kveld skal eg ein tur ut med dei andre nominerte. I morgo skal eg sjå Sogndal sitt G19-lag forhåpentlegvis vinna finalen mot Rosenborg. Etterpå skal me sjå cupfinalen for kvinner, seier Årets kvinnelege leiar.


Les meir om: Sport Kaupanger fotball

Siste saker Gå til framsida