SKIMORO: Sognefjordrennet går av stabelen i Leikanger fjellarena komande laurdag. (Arkivfoto)

Klare for skimoro

Sognefjordrennet blir arrangert komande laurdag.

Publisert 06.04.2017 kl. 15.31.

- Gamle og nye telemarksstjerner møtes til dyst, seier Egil Johannes Vangsnes i Syril telemark, og ramsar opp namn som Sarah Fiskaa Haugen, Øyvind Vagstad, Einar Henjum og Mathilde Ilebrekke.


I tillegg til sjølve rennet er det lagt opp til skileik i målområdet, i tillegg er det køyrd opp ei preppa løype til «familiecross», som kan brukast som opplading til årets store høgdepunkt på Leikanger:


- Familiecrossen er ypparleg trening til Kjeringi Open, seier Vangsnes to dagar før arrangementet i Leikanger fjellarena.


Les meir om: Sport Fjellsport Leikanger