ELITESERIEN NESTE: Linn-Mari Nilsen går frå Kaupanger til eliteserielaget Røa.

Keeperen sitt superår: Furorestipend, Tullenpris og overgang til eliteklubb

Linn-Mari Nilsen går frå Kaupanger til Røa.

Publisert 06.12.2018 kl. 09.11. Oppdatert kl. 09.16.

Kaupanger må klara seg utan førstekeeper Linn-Mari Nilsen komande sesong.


Sisteskansen frå Gaular blei onsdag offisielt klar for eliteserieklubben Røa, i ein overgang som har stått på trappene dei siste månadene.


Nilsen hamna på blokka til fleire klubbar etter eit godt Europameisterskap for J19-landslaget i sommar, og i august var ho på treningsopphald med dei raudkledde.


I oktober fortalde ho at spel på toppnivå frista, og no er det altså i boks.


God sesong

Nilsen kom til Kaupanger i 2015, og etablerte seg raskt som førstekeeper for dei grøne.


Årets sesong har vore god, noko som har ført med seg ein del ekstra merksemd.


I september fekk ho Furorestipendet på 50.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og under årets Miljøhelg i Førde for to veker sidan blei ho tildelt den prestisjetunge talentutmerkinga Tullenprisen.


Siste saker Gå til framsida