OVER OG UT: Ingrid Jåstad utlikna til 2-2, men Kaupanger-juniorane rauk til slutt på straffesparkkonkurranse i dagens cupmøte med Arna-Bjørnar.

Junior-jentene rauk ut av cupen på straffekonk

Cupeventyret blei kort denne gongen.

Publisert 19.06.2019 kl. 18.51.

Kaupanger sitt juniorlag er ute av cupen etter å ha tapt på straffesparkkonkurranse mot Arna-Bjørnar onsdag ettermiddag.


Gjestene tok leiinga frå kritmerket, men 12 minutt før slutt utlikna debutant Kristine Hovland for heimelaget, då ho slo keeper i duell og heada inn 1-1.


Seks minutt seinare gjekk bergensarane opp i 1-2, men berre minuttet etter der att utlikna Ingrid Jåstad.


Deretter blei det ekstraomgangar og straffekonk. Laga scora to og bomma tre kvar, slik at det heile måtte avgjerast på "sudden death".


Der var Arna-Bjørnar kaldast i hovudet, og vann til slutt 8-7 totalt.