TAP: Stine Kauppi Straumsheim og Jotun fekk det tøft i dagens heimemøte med NHHI.

Jotun måtte sjå seg slått heime i Årdalshallen

Det ville seg ikkje for Jotun i dagens heimemøte med NHHI.

Publisert 17.03.2019 kl. 16.00.

Jotun tapte 14-28 på heimebane mot NHHI i 3. divisjon tidleg søndag ettermiddag.


Stillinga til pause var 4-13, i ein kamp der årdølene berre hadde med seg åtte spelarar.


Susanne Myrland blei toppscorar med fire ballar i nettet, medan Stine Kauppi Straumsheim, Maren Haakonsen Einstabland og Hilde Midtun scora tre kvar. Nina Jevnaker putta eitt.


Kan sikra plassen måndag

Allereie måndag skal Jotun i aksjon på ny, i bortemøtet med tabelljumbo Gloppen.


Siger eller uavgjort der vil sikra plassen i divisjonen, då det vil gjera at nordfjordingane sin siste teoretiske sjanse til å klatra over nedrykksstreken vil forsvinna.


Fire poeng skil laga i dag, så det skal uansett mykje til for at det blir ei endring i botn av tabellen i divisjonen.


Les meir om: Sport Handball Årdal