PÅ GANG: Alioune Ndour scora kampens andre mål då Sogndal 2 vann 2-0 over Os måndag. (Foto: Morten Sortland)

Jokerspissen er på veg attende - i dag scora han for andrelaget

Sogndal 2 tok tre svært viktige poeng måndag ettermiddag.

Publisert 02.09.2019 kl. 20.30.

Då blei Os slått 2-0, der Alioune Ndour sette inn kampens siste mål.


Seks minutt før slutt kontra Sogndal, der Ndour - som kom inn for Markus Brændsrød ved pause - blei spelt fri inne i boksen og elegant tuppa ballen i nettet.


Joker i vår

Den senegalesiske angriparen spelte ei sentral jokkerrolle for sogndølene tidleg i årets sesong, der han sikra uavgjort mot Sandnes Ulf i serieopninga, og scora to i 4-1 sigeren over Notodden.


I tillegg putta han trøystemålet i tapet mot Raufoss, og sette eitt i sigeren over KFUM Oslo.


Den siste kampen han var i aksjon i var mot Strømmen 11. juni, deretter har han slite med eit brot i foten.


No er han på veg attende.


Viktig siger

Heimelaget tok leiinga allereie etter seks minutt.


Os rota vekk ballen på midtbana, den blei plukka opp av Jerome Akor Adams, som sette fart nedover høgresida. Han venta til Anders Nord var komen seg fri inne i feltet, og spelte ein presis pasning.


Frå tolv meter var Nord sikker, og breisida inn 1-0.


Sigeren gjer at Sogndal 2 no har åtte poeng ned til Vestfossen på nedrykksplass, dermed tyder mykje på at dei skal spela på dette nivået også komande sesong.