REDNING: Her bergar Mathias Dyngeland straffesparket frå Mathias Wichmann sju minutt før pause. (Foto: Elisabeth Grosvold, Agderposten)

Jerv utlikna fire minutt på overtid

Det enda 1-1 mellom Sogndal og Jerv.

Publisert 28.07.2019 kl. 17.17. Oppdatert kl. 19.53.

33 minutt ut i kampen blei ballen slått opp mot Sigurd Haugen. Spissen heada den attende i retning eige mål, slik at ein Jerv-spelar blei felt på om lag 25 meter.


Det blei frispark, Sogndal følgde ikkje med, det blei teke kjapt og Luke Ferreira blei spelt åleine med Mathias Dyngeland. Keeperen felte spelaren, og straffesparket var soleklart.


Dyngeland blei skadd i samanstøyten, og måtte ha assistanse før han kom seg opp att. Det gjorde godt. For straffesparket frå Mathias Wichmann var godt, men redninga frå Dyngeland heilt ute ved stolpen var endå betre.


Lereng debuterte

Fram til dette hadde Sogndal klart seg greitt, og kunne mellom anna teke leiinga på to gode overgangar. Då gjekk ballen kjapt og presist i lengderetninga, men så skar det seg i den avgjerande augneblinken.


På kontring nummer éin burde Sixten Jensen skote sjølv frå god posisjon i staden for å sentra, medan Joachim Soltvedt fekk eit realt sleivtreff på kula då han prøvde seg på nummer to.


Sogndal kom til søndagens kamp med fleire skadar og suspensjonar, dermed fekk årdølen Eirik Lereng sin a-lagsdebut i seriesamanheng, som stoppar attmed Per-Magnus Steiring.


I tillegg spelte nemnde Soltvedt venstreback, medan Sivert Mannsverk var attende på den sentrale midtbana.


Skaut over på god sjanse

Lite skjedde i dei daffe ti første minuttane av andre omgang, men så tok Haugen ansvar.


Spissen dribla seg enkelt fri ute på høgrekanten, og serverte fint til Jensen på 12 meter. Han hadde perfekt posisjon, men skotet med breisida gjekk høgt over mål.


Dei neste 20 minuttane skjedde det ingenting.


Så spelte Jerv seg til innlegg frå venstre i det 74. minutt, der det berre var centimeter frå at ballen blei stanga i mål på bakre stolpe. Heldigvis for Sogndal var innlegget litt for høgt.


Fem minutt før slutt fekk Jerv ein gigasjanse på bakre stolpe, men denne gongen henta Dyngeland fram ein god beinparade på den harde markkryparen.


Rauk fire minutt på overtid.

To minutt seinare skjedde det i staden andre vegen.


Eit langt oppspel frå Mathias Dyngeland blei stussa vidare, Ole Amund Sveen hadde perfekt timing på løpet sitt, storma inn i boksen og dunka inn 1-0 med venstrefoten frå ti meter.


Dette var Sveens siste kamp før han går til Bodø/Glimt, og han fekk soleis ein perfekt avskjed. Like etter fekk han ein enorm sjanse til å scora heilt åleine med keeper, men denne gongen rota han det til, brukte for lang tid og skaut utanfor mål.


Diverre blei det ikkje ein draumeavskjed for Sveen.


Fire minutt på overtid slo Jerv inn på bakre stolpe, der stod Torje Wichne og heada inn 1-1.