POPULÆRT RITT: Jotunheime Rundt med start i Lærdal i 2015. (Foto: Håvard Nesbø)

Inngår samarbeid for å sikra at populære ritt blir vidareført

Sogn Cykleklubb som arrangerer sykkelritta Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet har inngått samarbeid med Styrkeprøven AS.

Publisert 19.03.2019 kl. 16.45.

Avtalen, som vil gjelda frå 2020 og i fem år framover, inneber at Styrkeprøven AS tar hovudansvaret for gjennomføring av ritta, medan Sogn Cykleklubb bidrar med vakter, servicefolk og andre etter nærare avtale.


Alle dagens samarbeidspartnarar til Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet vil ha førsterett til å vera med også i fortsetjinga. Dette gjeld til dømes alle lag som har ansvar for matstasjonane.


Årsaka til at Sogn Cykleklubb etablerer dette samarbeidet, er at dei i dag er ein liten klubb som er sterkt avhengig av nokre få nøkkelpersonar for å gjennomføre dei to ritta. 


- Samarbeidet vil gje oss ein heilt anna styrke til gjennomføring og sikring av at sykkelritta Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet blir vidareført i mange år til glede for alle i Norge med hjarte for sykkelsporten, heiter det i ei pressemelding.


Jotunheimen rundt vart etablert i 1991 og har blitt gjennomført 28 gonger. Rittet startar i Lærdal går over Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet og har målgang i Sogndal etter 430 km og 4.600 høgdemeter.


Sognefjellrittet har start i Lom og målgang i Sogndal etter 137 km. Sognefjellrittet vart etablert i 1999 og har blitt gjennomført 20 gonger. 


Sogn Cykleklubb vart etablert i 1990 og er ein klubb med om lag 140 medlemer. Klubben har medlemer frå mange kommunar i Sogn, men hovudbasen for klubben er Sogndal. 


Styrkeprøven AS er eigd av ni sykkelklubbar og er eit non-profit føretak. Styrkeprøven AS arrangerer per i dag sykkelritta Trondheim-Oslo, Kvam-Oslo, Lillehammer-Oslo, Gjøvik-Oslo, Eidsvoll - Oslo, Oslo-Lærdal og Oslo-Mysen.


- Det er viktig for både Sogn Cykleklubb og Styrkeprøven AS at sykkelritta blir vidareført med god kvalitet og i all hovudsak etter same lest som tidlegare. Syklistane skal få gode og sterke opplevingar når dei deltek i desse ritta, står det i pressemeldinga.


Les meir om: Sport Lærdal Sogndal

Siste saker Gå til framsida