FØRSTE SIGER: Katalin Karlsen og Jotun tok sesongens første siger i dagens heimemøte med Bjørnar i Årdalshallen. (Foto: Hanne Stedje)

Éin, to, tre - på det niande forsøket skulle det skje!

Jotun sikra seg sesongens første siger i ettermiddag. Sjå kampen i opptak her.

Publisert 06.01.2019 kl. 15.00. Oppdatert kl. 18.27.

Årdølene stod utan fangst etter dei åtte første serierundane i 3. divisjon, men fekk sjansen til å retta på dette då dei fekk besøk av Bjørnar i Årdalshallen søndag ettermiddag.


Og det gjorde dei. Dei grøne og raude vann 28-23, og klokka dermed inn sesongens første siger.


Kristine Lindborg blei toppscorar for heimelaget med sine ti mål, medan også Susanne Myrland og Camilla Nundal gjorde seg fortent til kveldsmaten med sine seks og fem scoringar kvar.


Sigeren gjer at Jotun no har klatra over nedrykksstreken i 3. divisjon, to poeng framfor Gloppen.


Kent Fimreite i Hallo Sogn filma dagens kamp, den kan du sjå i opptak i videovindauget under.


 



Les meir om: Sport Handball Årdal