TIL GUNNARSETE: Starten går frå Vik stadion og 2,8 kilometer til skogsvegen nedanfor stølen Gunnarsete, slik den raude markeringa viser. (Foto: Odd Inge Gjeraker)

I fjor vart det populære motbakkeløpet avlyst - i år blir det løp i ny trasé

Suten Opp flyttar til Gunnarsete laurdag 25. mai.

Publisert 18.04.2019 kl. 20.00. Oppdatert kl. 21.46.

Friidrettsgruppa i Vik lèt seg ikkje stoppa av vegarbeid og flyttar motbakkeløpet til Gunnarsete med start frå Vik Stadion.


- Då blir det løp likevel. Me avlyste i fjor og det hadde me ikkje lyst å gjera ein gong til, seier Ragnhild Fjærestad i friidrettsgruppa til Vik IL.


Ny løype

Det populære motbakkeløpet vart avlyst i fjor, sidan det var tunnelbygging i traseen. Situasjonen er den same i år, men i staden inviterer arrangøren til ein annan populær turtrasé i Vik - opp til Gunnarsete, som ligg på motsett side av bygda.


Vik Turlag har jobba med å forbetra traseen, og leiar i Vik turlag Karen Weichert tykkjer det er stas at den vert teken i bruk til eit løp.


Pizzapremie

Fjærestad nemner at dette er ein populær trimtur for mange som bur i nærområdet. Klassane på Flatbygdi skula har av og til Gunnarsete som mål i skuletida.


No får dei konkurrera i same løypa, der det viktige er at flest mogleg frå klassen deltek.


Dei tre beste klassane får premie, og beste klasse stikk av med pizza, brus og ein fritime på badestranda i sentrum.


Frå stadion

Det vert fellesstart i konkurranseklassen frå Vik Stadion. Her kan publikum sjå løparane når dei svingar opp rundt klubbhuset, opp i byggjefeltet og inn i skogen. Stigninga opp til Gunnarsete er på 430 høgdemeter og løypa er 2,8 km. Målgang er i skogsvegen nedanfor stølen.


Etter løpet vert det utdeling av deltakarpremie til alle, matservering og premieutdeling ved klubbhuset på Vik Stadion.


- Eg håpar mange har lyst å vere med på «Suten opp på hi sida», til Gunnarsete, seier Fjærestad.


Les meir om: Sport Vik