SLØSERI: Martin Ramsland og Sogndal såg ut som eit tilfelle for Luksusfellen dei første 45 minuttane mot Raufoss - dei sløste og sløste. Det gjorde ikkje bortelaget. Til slutt enda småtriste 1-3.(Foto: Morten Sortland)

I dag, søndag 28. april 2019, tapte Sogndal 1-3 mot nyopprykte Raufoss

Sogndal er like over nedrykksstreken i 1. divisjon.

Publisert 28.04.2019 kl. 16.59. Oppdatert kl. 20.03.

Allereie i kampens fjerde minutt burde eit Sogndal som kom kjapt ut av startblokkene teke leiinga.


Eirik Schulze serverte eit perfekt gjennomspel til Sigurd Haugen, som fekk springa åleina mot keeper. Frå 16 meter hadde han greitt med tid til å sikta, men beina ballen svakt utanfor mål.


Kort tid seinare kom det som burde blitt ein ny megasjanse. Heimelaget kontra på det høgtståande bortelaget, og kom to mot éin ved Martin Ramsland og Haugen - men diverre fekk ikkje førstnemnde ballen fram til spissmakkeren sin.


Droppa fordelsparagrafen

Før kvarteret var spelt kom dagens tredje sjanse, då Ramsland avslutta etter litt klabb og babb, der Raufoss-keeper Ole Kristian Lauvli så vidt fekk hanskane på ballen inne på streken.


Då kampuret viste 17 minutt burde det stått 1-0, men denne gongen var det ikkje dei kvitkledde spelarane som svikta. Schulze blei felt på 20 meter, ballen gjekk vidare til Eirik Birkelund, som enkelt serverte vidare til Jerome Akor Adams på nær blank kasse.


Men domar Harald Røvig Sletner var hissig på den sokalla grauten, droppa fordelsparagrafen og bles frispark før han såg an kva som kunne koma ut av situasjonen.


Bom igjen - og mål imot

Like før halvtimen var spelt skrudde Steffen Ernemann eit perfekt innlegg i retning bakre stolpe.


Der kom Schulze på eit perfekt tima løp, men lysluggen heada kula i bakken og over mål frå god posisjon.


I staden small det til slutt feil veg. Raufoss kom seg rundt på høgresida, slo eit perfekt innlegg midt framfor mål, der Matias Moldskred steig til vérs og stanga inn 0-1.


Sju minutt etter der att kom 0-2. Snorre Nilsen - høgrebacken - fekk føra ballen oppover i bana som om han var på ei søndagstur i parken. Han kom seg heilt fram til 16-meteren, lada kanona og dunka vakkert ballen i lengste hjørna bak ein sjanselaus Dyngeland.


Nytt kanonskot

Før andre omgang sette Eirik Bakke inn Alioune Ndour og Ole Amund Sveen i jakten på scoringar.


Det kom eit lite trykk dei første ti minuttane, men dette rei Raufoss greitt av og fekk deretter god kontroll på kampen att.


I staden kom dagens tredje feil veg. Mikkel Jakobsen drog til frå 30 meter, ballen suste inn i lengste kryss, men det spørs om ikkje Dyngeland likevel burde gjort noko med den.


Minuttet før slutt reduserte Ndour til 1-3. Tapet gjer at berre målskilnad skil Sogndal frå kvalifiseringsplassen for nedrykk i 1. divisjon.